Påmelding til StikkUT! Bedrift har opna!

StikkUT! Bedrift er eit aktivitetstiltak innan friluftsliv for di bedrift som skapar samhald, aktivitet og gode fellesopplevingar for dei tilsette.

Hareid kommune har mange lett tilgjengelege fjelltoppar med godt utsyn over hav, fjord og Sunnmørsalpane. 

Påmeldinga for sommarsesongen opnar 21.mars.

StikkUT! Bedrift er eit eige konsept i StikkUT! Og passar for både private og offentlege verksemder. Det er enkelt å vere med, og Friluftsrådet får jamleg tilbakemelding om lågare sjukefråvær og auka trivsel på arbeidsplassar som deltek på StikkUT! Bedrift.

Påmelde bedrifter får tilgang til eiga innlogging på stikkut.no, der ein kan sjå kven i bedrifta som er med og kor mange registreringar ein har og tal på ulike turmål. Dette er berre tilgjengeleg for dei tilsette. Toppliste over bedrifter er ope for alle. Det er også mogleg å lage uhøgtidlige konkurransar mellom ulike avdelingar og tilsette på jobben, og få tilgang til statistikk og trekke ut vinnarar blant eigne tilsette. Friluftsrådet har ulike produkt med Stikk UT! Logo som kan nyttast som premie og takk for innsatsen.

Påmelding og meir informasjon om dei ulike pakkeløysingane.