Pernille har starta som rådgivar

Ho skal mellom anna vere grunneigarrepresentant og berekraftskoordinator i Hareid kommune.

portrett av Pernille ved arbeidspulten - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Pernille Ebbestad Holo (34) er opphaveleg frå Drammen, men har budd i Bergen sidan 2013 og kjem frå stillinga som jurist i Bergen kommune si eigedomsavdeling.

Nyleg flytta ho til Ulsteinvik med sambuar Kristoffer og sonen Mikkel på to år. I Ulsteinvik har dei  overteke barndomsheimen til Kristoffer. Fritida går med til å pusse opp denne og å springe etter ein aktiv toåring. Ho er også veldig glad i å strikke når det er tid til det.

Pernille skal jobbe som rådgivar på eining for næring. Der skal ho jobbe som grunneigarrepresentant for kommunen. I dette ligg mellom anna oppgåver om kjøp, sal, diverse kontraktar, rettar, torgplassar med meir. Ho skal også vere berekraftskoordinator i kommunen.