Erlend Friestad
I denne jobben skal ho jobbe med dei private og kommunale reguleringsplanane. Særleg viktig blir kommuneplanen som er den overbyggande planen for heile kommunen.
Rønnaug, som opphaveleg er frå Hjørungavåg, er sivilarkitekt frå NTH/NTNU i Trondheim. Ho er gift, har to vaksne barn og to bonusbarn. Ho har lang erfaring frå kommunal planlegging frå plan- og bygningsetaten i Oslo og i Drammen kommune.
- Etter over 30 år på austlandet flytta vi for nokre år sidan til Ålesund, men etter mange timar med overtaling har eg fått mannen, som er frå Haddal, med på å kjøpe eit gammalt hus på Hjørungavåg. Vi gler oss no til å flytte heim til Hareidlandet, seier ho.
Som ein naturleg følgje av at vi har kjøpt eit hus som er over 100 år, vil mykje av fritida gå med til restaurering og rehabilitering av hus og hage.
- Eg er også glad i å vere ute i naturen, både på fjellet og langs sjøen. Eg er interessert i fugle- og dyreliv og likar å hauste bær, sopp og urter. Vi har begge teke jegerprøva, men det står att å sjå om vi blir aktive på dette området, fortel ho.