Plassane bustadfelt er ferdig - nærmar seg salsstart

Plassane bustadfelt på Hareid er no ferdig utbygd. All infrastruktur er på plass, og området står klart til å ta imot nye innbyggarar.

– Det er gledeleg å kunne seie at alt no er klart, og at det ikkje er lenge til salsstart, seier prosjektleiar Peder Alme.

Bustadfeltet ligg svært sentralt til, med kort avstand til både Syverplassen barnehage – som nyleg har fått eit nytt og moderne uteområde – og skule. I tillegg er det nærleik til hurtigbåt og mange arbeidsplassar, noko som gjer området attraktivt for både familiar og pendlarar.

– Leikeplassane er godt utforma og svarer til alle forventningane våre. Dei legg til rette for mykje god leik, fortel Alme.

Ballbingen har allereie blitt teken i bruk av lokale barn og unge, og prosjektleiaren meiner utsikta frå ballbingen er blant dei beste ein kan finne. Også gapahuken er strategisk plassert med flott utsyn, og inviterer til både frukostpause og rolege stunder i naturen.

– Her kan ein nyte lønsjen sin, eller kanskje frukosten, og slappe av medan ein tek inn det vakre landskapet, avsluttar Alme.