Politiet til føresette: – Gjer tydelege avtalar med barna og ungdomane

I ei sommarhelsing gir politiet i Ulstein og Hareid råd til alle som har barn i grunnskulen.

Portrettfoto av politstasjonssjef Hilde Sæter og politikontakt Henrik Vikebakk Sandstad - Klikk for stort bilete Janne-Marit Myklebust/Ulstein kommune

Snart er det sommarferie, og Ulstein og Hareid politistasjonsdistrikt vender seg no til dei føresette i eit brev.

Det kan vere lettare for barn og unge å ta gode val i sommar dersom føringane heimanfrå er tydelege. Det strekar politiet under i brevet. Dei to kommunane sender ut brevet denne veka.

– Ta telefonen, også om natta

Politiet peikar på tre tema som dei føresette må vere spesielt merksame på: trygge rammer, skadeverk og rusmiddel.

– Ver tilgjengeleg, lag avtalar med andre foreldre om henting og ta telefonen når den ringer, også om natta, er eitt av råda politiet gir om det å lage trygge rammer.

Om skadeverk skriv politiet:

– Lediggang aukar sjansen for å oppsøke spaning gjennom rampestrekar, eller verre, gjennom ulovleg åtferd. Vi oppmodar vaksne om å vere til stades på dei arenaene der barn og unge oppheld seg.

Politiet skriv også at haldningane til narkotiske stoff endrar seg blant unge.

– Det må ikkje vere tvil om at kjøp, sal, oppbevaring, bruk og besittelse av narkotika er ulovleg, skriv politiet i sommarhelsinga.

Ønsker kontakt med dei føresette

Politistasjonssjef Hilde Sæter og etterforsker Henrik Vikebakk Sandstad har skrive under brevet.

Dei ønsker alle ein trygg og god sommar – og oppmodar føresette om å kontakte politiet viss dei kjem borti noko uheldig eller kriminelt.

– Sommaren er ei tid der politiet blant anna prioriterer nærvær og oppsøkande arbeid ute blant unge som har skulefri og ferie. Vi ønskjer å vere eit politi det skal vere lett å kome i kontakt med, heiter det i sommarhelsinga.

Her kan du laste ned sommarhelsinga frå politiet i Ulstein og Hareid.  (PDF, 229 kB)