Pumpestasjon og toalett på plass i sentrum

Snart blir det offentleg toalett tilrettelagt for rullestol på Tusenårsplassen.

Pumpestasjonen vil også romme eit toalett tilrettelagt for rullestolbrukarar. Harald Berstad/Hareid kommune  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Det store vatn- og avlaupsprosjektet i sentrum når stadig nye merkedagar. I slutten av førre veke kom pumpestasjonen på plass. Den skal pumpe avlaupsvatn til det nye renseanlegget på Raffelneset. Fram til i dag har ein del av dette vatnet gått rett i sjøen.

Den andre halvdelen av bygget blir eit offentleg toalett tilrettelagt for rullestolbrukarar. Vi reknar med at det kan opne utpå vårparten. Toalettet vil ligge sentralt til når Tusenårsplassen skal oppgraderast kraftig i 2021 – og bli ein stad der det skal bli koseleg å møtast. Meir informasjon om kva som skjer på Tusenårsplassen vil kome om ikkje lenge!

 

I løpet av 2021 vil Tusenårsplassen bli kraftig oppgradert. Harald Berstad/Hareid kommune