Raudt får stille liste

Dermed blir det heile sju lister som stiller til val i kommunevalet i Hareid kommune.

Oslo kommune/Sturlason

Raudt-lista blei fyrst forkasta av valstyret då dei mangla nok kandidatar til å stille liste. Minstekravet er sju, medan Raudt berre hadde seks då fristen som valstyret hadde sett for å melde inn kandidatar gjekk ut. Raudt leverte ein sjuande kandidat fire dagar etter fristen. Valstyret valde i godkjenningsmøtet å ikkje gi Raudt-lista dispensasjon frå sin eigen frist. Dei forkasta derfor lista til Raudt.

Raudt klaga, men valstyret valde å stå for avslaget. Dermed gjekk klagen vidare til Kommunal- og distriktsdepartementet. Konklusjonen frå departementet er no komen: Raudt si klage blir tatt til følgje. Dei får dermed stille liste.

Hovudspørsmålet departementet har sett på er om valstyret kan setje ein bindande frist for listene til å levere nye kandidatar når andre har trekt seg. Dei har, under tvil, kome til at det ikkje er lov. Sidan fristen dermed ikkje er bindande, kan heller ikkje valstyret avvise den nye kandidaten Raudt kom med etter fristen. Lista får dermed sju namn og valstyret skulle ikkje ha forkasta lista.

Dei andre momenta i klagen og tilsvaret har departementet derfor ikkje vurdert.

Her kan du lese heile svaret frå Kommunal- og distriktsdepartementet. (PDF, 307 kB)

Vedtaket til departementet er endeleg.

Det blir derfor heile sju lister som stiller til val i Hareid kommune i kommunevalet 2023:

  • Arbeidarpartiet
  • Folkelista for Hareid kommune
  • Fremskrittspartiet
  • Høgre
  • Industri- og næringspartiet
  • Raudt
  • Venstre

Her kan du laste ned ei oversikt over alle listene og kandidatane. (PDF, 25 kB)