Saker til formannskapet 11. oktober

Formannskapet skal mellom anna diskutere straumrekninga til Polarstar, helse- og omsorgsplanen, Nesset kraftverk og helseplattformen.  

 

Saklista og alle sakspapira kan du lese via denne lenka.

Helse og omsorgsplan

Hareid kommune skal få ny helse- og omsorgsplan. No er planen klar, frå administrasjonen si side, til å bli lagt ut på høyring. I arbeidet med planen har det vore sett ned arbeidsgrupper. Dei har har hatt ein hektisk månad med arbeid med gjennomgang av planen og har kome med gode innspel til forbetringar, dei ligg ved saka.

Saka skal vidare til kommunestyret som skal ta ei endeleg avgjersle. Dersom dei seier ja, vil planen bli lagt ut på høyring 21. oktober. Då kan alle innbyggarar sende kome med innspel til planen. Det same kan organisasjonar og andre.

Levekårsutvalet har innstilt på at planen blir lagt ut på høyring.

Saka skal vidare til kommunestyret.

 

Helseplattform

Hareid kommune signerte den 26.06.2017 ein opsjonsavtale med Helseplattformen, i likskap med alle andre kommunar i Midt-Norge. Kommunedirektøren rår til at opsjon på Helseplattformen vert løyst ut for Hareid kommune saman med dei andre kommunane i sjustjerna. Helseplattformen er ein del av vårt nasjonale målbilete og er ein viktig byggekloss for ei robust vidareutvikling av helsetenesta både i kommuneorganisasjonen og for innbyggarane.

Administrasjonen tilrår at Hareid kommune held fram arbeidet med Helseplattformen. Det same gjer levekårsutvalet.

Saka skal vidare til kommunestyret.

 

Støtte til Polarstar

Ishavsskuta Polarstar vart tatt ut av kommersiell drift i 1998 og var då meint å skulle  kondemnerast.  Men grunna innsats frå ei gruppe entusiastar med eit påfølgjande og omfattande restaureringsarbeid, vart skuta på nytt sett i drift med heimehamn i Hareid.  I 2014 vart skuta sett på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy.

Hareid kommune har støtta drifta med tilbod om tilnærma gratis kaiplass (1 kr/år).  Dette bygger på eit vedtak som formannskapet gjorde i 2008.  Det har synt seg naudsynt å avklare forståinga av nemnte vedtak, eventuelt gjere nytt vedtak om Hareid kommune si støtte til drifta av Polarstar.

Det er no, basert på fakturering av straumkostnad etter det gjeldande hamneregulativet i 2021, oppstått usemje om straumkostnader også skal leggjast inn i omgrepet «kaiavgift».  Sidan administrasjonen er forplikta til å følgje kommunestyret sine vedtekne regulativ, kan ein ikkje utan vidare innvilge skuta gratis straum og det vert difor naudsynt å løfte dette spørsmålet til kommunestyret.

Administrasjonen tilrår at straumrekninga frå Polarstar blir ettergitt og at Polarstar i framtida skal ha gratis straum.

Saka skal vidare til kommunestyret.

 

Nesset kraftverk

Tussa har søkt dispensasjon frå arealplanen i kommunen som er LNF for etablering av ny nedgreven røyrgate til Nesset kraftverk. Leidninga er på om lag 980m. Det vert og søkt om etablering av ny traktorveg, mellombelse deponilager, og riving av eksisterande røyrgate. Saka er sendt på høyring til forskjellige offentlege mynde. Statsforvaltaren meiner omsøkt tiltak er gjenstand for reguleringsplansarbeid.

Administrasjonen tilrår at det blir gitt dispensasjon.

I tillegg til desse sakene skal formannskapet handsame oppretting av stilling til helsefelleskap, høyringsuttale til ny, kyrkjeleg organisering og ei mindre endring av godtgjerslereglementet for dei folkevalde. Til slutt i møtet skal dei handsame ei sak unnateke offentlegheita.

Kommunestyret skal møtast 21. oktober klokka 18.