Saker til formannskapet 15. oktober

Kutt i ferjetilbod, viktige strategiske val for kommunen og budsjettendringar er nokre av sakene som formannskapet skal ta stilling til.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Formannskapet i Hareid kommune skal møtast torsdag 15. oktober klokka 12. Her er ei oversikt over sakene:

Kutt i ferje- og hurtigbåttilbod

Møre og Romsdal fylkeskommune har varsla store kutt i løyvingane til ferje og hurtigbåt. Det vil føre til dårlegare tilbod for oss som bur på Hareid. Mellom anna er det planar om å kutte C-ferja om sommaren og setje inn ein mindre båt på hurtigbåtsambandet. I denne saka skal formannskapet vedta eit høyringssvar som skal sendast til fylket.

Administrasjonen tilrår følgande uttale frå formannskapet:

Hareid formannskap er ikkje samd i framlegget om å kutte C-ferga i 8 veker om sommaren i RUTE 06: Hareid – Sulesund, då dette sambandet er eitt av dei mest trafikkerte i fylket og det ikkje vist til konsekvensutgreingar i høve kva dette vil ha å seie for dei reisande og for næringsliv og arbeidsmarknad i regionen. Hareid formannskap krev at framlegget til nemnte kutt ikkje vert iverksett.

Hareid formannskap er ikkje samd i framlegget om å sette inn ein vesentleg mindre båt i sambandet i RUTE 05: Hareid – Valderøy – Ålesund og krev at sambandet held fram med eksisterande / likeverdig materiell.  Reduksjon av standarden på materiellet kan føre til vesentlege problem i høve kapasiteten og regulariteten på sambandet og det er vidare ikkje synt til konsekvensutgreiingar  i samband med framlegget.


 

Ny planstrategi

 

Ein planstrategi handlar om å skape klarheit og oversikt i ein kommune. Målet er å frigi både ressursar og auke det politiske handlingsrommet fordi vi har eit dokument som tydeleggjer kva vi skal fokusere på i den kommande valperioden.

Grunnarbeidet som har vore gjort i denne rulleringa klargjer kva som er status innanfor følgande overordna kategoriar: Demografi, næringsliv og kompetanse, areal-, miljø- og klimaplanlegging, samt levekår og folkehelse. Felles for desse kategoriane er at dei er knytt saman på fleire områdar og på tvers av sektorar.

Her kan du lese forslaget til planstrategi som formannskapet skal ta stilling til om skal ut på høyring.

Ny arealplan

Arealplanen fastsett korleis arealet i kommunen skal nyttast i framtida.

Rulleringa av kommuneplanens arealdel har vore ein lang prosess, etter at det vart vedteke at arealdelen skulle rullerast tilbake i 2016. No ligg endelig planforslaget føre for utlegg til 1. gongs offentleg ettersyn. Fokuset med planarbeidet har vore å vurdere ny og eksisterande arealbruk i kommunen, forbetre føresegna og oppdatere plankartet.

Terialrapport

Tre gonger i året rapporterer administrasjonen om økonomi, korleis vedtak blir følgt opp, avviksmeldingar og sjukefråver. No er vi kome til tertialrapport for andre tertial (mai-aug).

Rapporten med vedlegg kan de lese her.

Delegeringsreglementet

Dette blir antakelig nest siste stopp for delegeringsreglementet før det skal blir vedtatt i kommunestyret 22. oktober.

Delegeringsreglementet bestemmer kva mynde kommunestyret har gitt vidare og til kven – anten eit underutval eller administrasjonen.

Det har vore ein lang prosess der dei folkevalde har fått seie si meining ved fleire høve. Når kommunestyret vedtar reglementet vil det bli lagt ut på heimesidene i eit oversiktleg format.

Forslaget til reglement, med vedlegg, kan du lese her.

Budsjettrevisjon

Mellom anna har koronapandemien ført til at kommunen må endre budsjetta sine. I denne saka skal formannskapet gi ei tilråding til kommunestyret.

Andre saker

I tillegg til desse sakene skal formannskapet ta stilling til søknad om bølgjevern ved Engeskardet, omorganisering av Furene AS, innleige av konsulent for å greie ut kommunalt eigedomsforetak og avtale mellom kommunen og Hareid legesenter.

Heile saklista og saksdokumenta kan de lese her.