Saker til formannskapet 19. april

Kvar skal vi ha oppdrett i kommunen? Kven skal få koronastøtte? Dette er to av spørsmåla formannskapet skal ta stilling til på måndag.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Møtet blir sendt direkte på Facebook og nettsidene til Hareid kommune frå klokka 12, måndag 19. april.

Under følgjer eit samandrag av sakene som skal opp i møtet.

Her kan du lese heile saklista og saksframlegga.

 

Oppdrett i Hareid kommune

Formannskapet har tidlegare bestilt ei utgreiing for plassering av akvakultur (opprett) i Hareid kommune. Med bakgrunn i denne bestillinga har administrasjonen sett på ni alternative lokaliseringar for akvakulturanlegg i sjø i Hareid kommune. Formannskapet må no avgjere kva for område i kommunen som i framtida skal nyttast til sjøbasert oppdrettsanlegg. Områda som no vert vald skal leggast inn i plankartet for den interkommunale kystsoneplanen.

Dersom Hareid kommune skal opne for etablering av sjøbasert akvakultur, vil det utvilsamt gå tapt nokre verdiar, kanskje spesielt i høve fritidsfiske. Det er stort sett aktivt fritidsfiske langs heile kystlinja i Hareid kommune. Her må ein vurdere om ein kan avsjå mindre delar grunna fiskeforbod 100m frå anlegg, i fordel for til dømes betre kommuneøkonomi og styrka næringsverksemd. Dersom formannskapet vel å følgje tilrådinga til kommunedirektøren vil fortsatt store deler av kystlinja vere tilgjengeleg for fritidsfiske.

Næring og miljøutvalet handsama saka tidlegare denne veka. Då vedtok dei å rå til at formannskapet godkjenner at følgande område kan bli nytta til sjøbasert oppdrett Uravika, mellom Nørdre- og søre neset og Laupsvika (alternativ 2) i ny kystsoneplan. Desse tre områda har samla sett lågast konsekvensar, sjå fullstendig utgreiing. NMU tilrår også at Attavika kan nyttast til havmerdar/havanlegg.

 

Ny helse- og omsorgsplan

Sektor for velferd skal starte arbeidet med ny helse- og omsorgsplan. Det er viktig med tidleg involvering og det å legge ut planprogrammet på offentleg høyring er ein god måte å få dette til på. Allereie no kan politikarar, brukarar, pårørande og andre innbyggjarar seie noko om kva dei tenkjer er viktig for framtida og fokus vi bør ha i arbeid med sjølve planen.

Det er lagt opp til å følgje prosessen i plan- og bygningslova i størst mogleg grad.

Planprogrammet skal gjere greie for kvifor det er behov for ny helse- og omsorgsplan, korleis ein vil arbeide for å få kunnskap om temaet og korleis ein vil få innbyggar/brukarmedverknad samt vise ein ønska tidsplan for gjennomføring av planarbeidet.

Planprogrammet vert lagt ut til offentleg høyring i 4 veker etter vedtak i formannskapet.

 

Koronakompensasjon til lokale verksemder

Stortinget har innvilga 1 milliard kroner tilfordeling, til lokale verksemder som er særlig hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.  For Hareid kommune sin del utgjer dette kr 1 331 612 og eventuelle midlar som ikkje er fordelte innan 01.09.2021, må betalast tilbake til staten.

Kommunedirektøren føreslår derfor at det blir etablert ei søknadsbasert kompensasjonsordning der føretaka, gjennom sine søknader, får høve til å søke, basert på det dei opplever og skildrar som faktiske ulemper / kostnader knytt til smitteverntiltak med meir.  Det seier seg vel sjølv at til dømes ein frisør med fleire tilsette og ein viss kundeportefølje, kan ha mykje større utfordringar knytt til smittevern, enn det ein nettbutikk med eksempelvis ingen tilsette har.

Vidare gjer kommunedirektøren framlegg om at avgjerdsmynde vert lagt til kommunedirektøren sjølv, med mynde til å gjere intern vidaredelegering.  Bakgrunnen for dette er den korte fristen for tildeling av midlar.  Med tanke på ferieavviklinga og den politiske møtekalenderen i sommarmånadane, kan dette verte ein viktig nøkkel for å kunne gjennomføre oppgåva med å gi tilsegn om støtte, innan fristen 01.09.2021.  For å sikre at også søknader som kjem inn på tampen, skal få tilstrekkeleg handsamingstid, bør søknadsfristen for dei som søkjer på kompensasjonsordninga settast til minst ei veke tidlegare.

Saka skal vidare til kommunestyret, men med håp om avgjerd før det ordinære kommunestyremøtet 20. mai.

 

Andre saker

I tillegg skal formannskapet godkjenne utbyggingsavtalen om breidband i kommunen.

Formannskapet skal også få tre orienteringar:

  • Sommarskule
  • Kvalitetsstandard på teneste i velferd
  • Framdrift for planane i velferd.

 

Møte i valstyret

I forkant skal valstyret i Hareid kommune (som i praksis er formannskapet) ha eit kort møte for å velje røystestyre og gjennomføre eit nytt valoppgjer.