Saker til formannskapet 27. september

Ein viktig del av møtet er økonomi og budsjettprosessen. Vi får mellom anna besøk av statsforvaltaren.

Erlend Friestad   

 

Det er få politiske saker på møteplanen til formannskapet på måndag, men det betyr ikkje at de ikkje er eit viktig møte. Dette møtet vil mellom anna bli brukt til å orientere meir om økonomien og budsjettprosessen:

1. Sissel Hol, seniorrådgivar i samordningsstaben til Statsforvaltaren er invitert til å gi kommunen gode råd på vegen mot ein driftssikker økonomi. Bakteppet er at Hareid kommune har låge inntekter, og tenester på eller under kostra-gjennomsnittet. Etter mange år på robek er investerings- og vedlikehaldsbehovet stort samstundes som kommunen er på veg mot gjeldstoppen i fylket.

2. Kommunedirektøren orienterer om nøkkeltal og korleis kommunen arbeider med budsjettet

3. Økonomileiar orienterer om føresetnadar for budsjettet og status per dato.

Dei politiske sakene er:

Revidering av politivedtektene i Hareid kommune

Politivedtektene har ikkje vore revidert sidan år 2000. Det er derfor på tide å oppdatere dei. Forslaget som administrasjonen legg fram er tett opp til det som heiter «normalpolitivedtektene», men det er ikkje tatt inn alle reguleringar som er mogeleg. Døme på dette er tigging, køyring og camping i parkar med vidare og pantlånarverksemd. Dette er ikkje teke med då det ikkje blir rekna for at dette medfører store utfordingar i vår kommune.

 

Frådeling av bustadtomt

Det er søkt dispensasjon frå kommuneplanen sitt krav om detaljregulering for frådeling av bustadtomt, rundt eksisterande bustad. Saka har vore på høyring utan noko tilbakemeldingar, og krev ikkje jordlovsvedtak. Kommunedirektøren rår til at dispensasjonen blir innvilga.

Les heile saklista og finn sakspapira via denne lenka.