Saker til formannskapet 31. januar

Formueskatt til Hareid kommune, vegstandard til Alme og endringar i bu- og habiliteringstenesta er blant sakene som står på programmet til fyrste ordinære møtet for formannskapet i 2022.

Erlend Friestad  

Du kan lese alle sakspapira her.

På grunn av fråvær, blir dessverre ikkje møtet sendt direkte.

Handsaming av innkomne saker til forslagskassa

Kommunestyret har vedteke at innbyggarar kan sende skriftlege forslag til dei folkevalde. Desse forslaga blir fortløpande sendt vidare til kommunestyremedlemmane. Ein gong i halvåret skal formannskapet gå gjennom forslaga som er komne inn. Til dette møtet er det eitt forslag som ligg på bordet: Oppretting av utlån av fritidsutstyr.

Har du eit forslag til dei folkevalde? Då kan du sende det inn elektronisk via denne lenka.

I reglementet for folkevalde og folkevalde organ for Hareid kommune kan du lese meir om forslagskassa (punkt 3.4).

 

Vedta helse- og omsorgsplanen

Tenesteområdet velferd handlar om drift av helsetenester 24 timer 7 dagar veka. Det handlar om personlege møter, akutte innsatsar, pleie og omsorg over lang tid, støtteordningar for menneske i krise og mykje meir. Alle menneske er ulike og helse vert vurderert og opplevd ulikt. Det har vi prøvd å få fram gjennom denne planen.

Planen tek for seg notida og korleis alderssamansetninga vil verte i åra framover ut frå den statistikken vi har. Så vil det alltid vere noko vi ikkje har klart å fange opp, endringar som skjer brått og som alle veit statistikk kan lesast på mange måtar og tek ikkje inn i seg alle variablar som kan påverke våre tenester. Vidare seier planen noko om føringar og rammer. Som kommune er vi ein del av ein større heilskap. Vi har nasjonale planar, føringar og reformer, vi har regionale planar, føringar og samarbeid, interkommunale samarbeid og planar og føringar i kommunen. Planen må ha dette i seg for å gi oss ei rettesnor mot vegvala vi må gjere.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

 

Ny organisering av bu- og habiliteringstenesta

Bu- og habiliteringsavdelinga har vokse veldig raskt i løpet av få år. Brukargruppa er samansett med psykisk utviklingshemma og multihandikappa tenestemottakarar som bur i leilegheit ved Hjellebakken, brukarar som bur ute i bygda, brukarar på avlastning og brukarar som vi har på avlastning 24:7. Mange har fleire diagnosar og det er mange yngre brukarar. Det er mange brukarar med omfattande tenestebehov, mange tilsette, økonomiske- og driftsmessige utfordringar som gjer at kommunedirektøren no ynskjer å dele eininga i to for å styrke leiarkapasiteten, og dermed også kvaliteten på både leiing og tenesteyting.

Kommunedirektøren tilrår at formannskapet vedtek å dele bu- og habiliteringsavdelinga i to ansvarsområde med kvar sin leiar. Kommunedirektøren får delegert mynde til fordele budsjettmidlane mellom dei to einingane i samsvar med tilsette og brukarar. Det vert gjort ei evaluering av driftsendringa etter to år.

 

Ny bruksklasse for veg til Alme

Det har kome inn søknad om dispensasjon for frakt av masser til Alme i samband med utbygging av fritidsbustadar. Utbyggar har behov for at den kommunale vegen Hjørungdalen/Almestranda har ei høgare bruksklasse enn i dag om det skal vere mogleg å bygge ut det regulerte hyttefeltet på ein økonomisk forsvarleg måte.

Kommunedirektøren tilrår at vegen blir oppklassa, men at han i periodar med dårlegare bereevna skal skiltast med lågare vektkapasitet.

Saka skal endeleg vedtakast i kommunestyret

 

Nedsett formueskatt for hareidsdølingar?

Kommunestyret vedtok i budsjettmøtet i 2020 at Hareid kommune skulle greie ut nedsett formuneskatt for innbyggarane – etter modell frå Bø kommune i Nordland.

Formueskatten består av ein kommunal del på inntil 0,7 prosent og ein statleg del på 0,2 prosent. Kommunen har høve til å redusere den kommunale satsen. I Bø kommune er den kommunale andelen sett ned frå 0,7 til 0,2 prosent.

Kommunedirektøren rår kommunestyret til å ikkje røre skattesatsen for Hareid kommune.

Det blir grunngitt i usikkerheit ordninga med inntektsutjamning. Sjølv om Hareid kommune over tid vil kunne trekkje til seg fleire innbyggarar på grunn av lågare skattesats, vil reduserte skatteinntekter ikkje bli kompensert av staten. Bø kommune tapte samla i 2021 og 2022 5 millionar på grunn av skattegrepet sitt. Sidan dei var først ute med ei slik formueskattreduksjon, fekk dei kompensert dette tapet frå staten. Dette var eit unntakstilfelle, og andre kommunar som rører formueskattsatsen vil ikkje få tilsvarande kompensasjon.

«I den situasjonen Hareid kommune er i med nesten tomt disposisjonsfond, vil det vere for stor risiko å prøve ei slik ordning. Kommunen har rett og slett ikkje råd til å teste ut korleis ein reduksjon i formueskattesatsen vil slå ut på kommunen sine inntekter. Om kommunen hadde store fond, og om ein hadde vore først ute og fått den ordninga Bø har, så ville situasjonen vore annleis», skriv kommunedirektøren i saksframlegget.