Saker til formannskapet 6. september

Kystsoneplan og hyttefelt på Alme er nokre av sakene som skal opp i formannskapsmøtet. Sjå møte direkte her.

Erlend Friestad  

 

Her kan du lese meir om alle sakene som skal opp.

Ny kystsoneplan

Kystsoneplanen er eit interkommunalt samarbeid mellom fem kommunar på Søre Sunnmøre, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven kommune. Det er tidlegare utarbeidd og vedteke felles planprogram. No ligg planforslaget for kystsoneplanen klart til utlegg for offentleg ettersyn. Planforslaget inneheld felles plankart, planomtale, føresegn, konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse for dei fem kommunane. I Hareid kommune er det lagt ut fire nye områder for akvakultur.

Hareid formannskap skal ta stilling til om planen skal leggjast ut på høyring.

Her kan du lese meir om planen og mellom anna sjå kart.
 

Bidra til Runde Forsking AS?

Runde Miljøsenter AS er i ferd med å omorganisere seg og inviterer kommunane på Søre Sunnmøre til å bli medeigarar i eit nytt FOU selskap; Runde Forsking AS.  Føretaksregisteret syner at Runde Forsking er no allereie etablert, førebels med ein aksjekapital på kr 30 000. Formannskapet skal ta stilling til om Hareid kommune skal bli medeigar.

Kommunedirektøren ser positivt på tiltaket, men meiner at det på det noverande tidspunkt er fleire argument mot å bli med enn å bli med. Administrasjonen tilrår derfor at kommunen eventuelt blir med på eit seinare tidspunkt.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg avgjersle.

 

Hyttefelt på Alme

Eigedommane som denne reguleringsendringane omfattar har sidan førre reguleringsplan (20160002) skifta eigar. Ny eigar, Norwegian Fjords Holiday AS, ynskjer å gjere endringar i gjeldande reguleringsplan for å få ei meir rasjonell utbygging av området. Det vart tidlegare diskutert om endringa kunne omfattast av ei mindre reguleringsendring. Administrasjonen kom i samråd med tiltakshavar og plankonsulent fram til at summen av endringane var så store at det skulle førast ordinær reguleringsprosess etter PBL. Dette for å sikre ei heilskapleg utvikling av området, samt ivareta medverknadsprosessane. Oppstart og kunngjering av planarbeidet vart annonsert i avis og på kommunen sine heimesider. Hareid formannskap skal ta stilling til om planen skal leggast ut på høyring.

 

Kvartalsrapporten

I kvartalsrapporten gjer administrasjonen greie for mellom anna økonomi, sjukefråvær, prosjekt og planar framover. Dette er kvartalsrapporten for andre kvartal 2021.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg avgjersle.

Her kan du lese heile kvartalsrapporten.

 

I tillegg skal formannskapet få orienteringar om helseplattformen og om betre tverrfagleg innsats/betre tverrfagleg samarbeid frå sektor frå velferd. Dei skal også ta stilling til ein søknad om skjenkeløyve frå Lokalbrygg AS.