Saker til formannskapet 9. juni

Revisjon av budsjett og årsmelding er dei viktigaste sakene som skal opp i formannskapet.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kjøpe molo i Hjørungavåg?

Kystverket tilbyr Hareid kommune å overta eigarskapet til Kystverket sin molo i Hjørungavåg, utan vederlag. Administrasjonen tilrår at kommunen seier nei til tilbodet då kommunen påtar seg eit potensielt vedlikehaldsansvar og -kostnadar. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret 18. juni.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.

Ruteendringar båt, ferje og buss

Hareid kommune skal ta stilling til to saker som handlar om kollektivruter i kommunen. Den eine gjeld ei høyring om hurtigbåtruta, den andre er den årvisse ruteendringsprosessen.

Her kan du lese heile innkallinga til møtet og alle saksframlegga. (PDF, 694 kB)

Sjenkeløyve Kokk’n Roll

Nyetablerte Kokk’n Roll søkjer om sjenkeløyve. Det blir opplyst i søknaden at driftskonseptet er å tilby selskapslokale for lukka lag i privat- og bedriftsmarknaden. I tillegg konsept med pop up-restaurant, temakveldar, ope under Opplev Hareid og når dei elles har moglegheit og tid i tillegg til den normale drifta som catering og matopplevings-leverandørar utanfor bygget. Administrasjonen ser positivt på søknaden og råder dei folkevalde til å gå inn for den. Saka skal vidare til kommunestyret.

 

Diverse årsmeldingar og -planar

Formannskapet skal ha opp sak om årsmelding frå kontrollutvalet og årsmelding og årsplan for Hareid og Ulstein brannvesen.

 

Vidare utgreiing om felles brannvern på Søre

Det har vore gjennomført eit prosjekt om eit større samarbeid om brannvern på søre Sunnmøre.  Rapporten vert no lagt fram for kommunestyra, med spørsmål om eventuell vidareføring av utgreiingsarbeidet. Rådmannen tilrår at Hareid kommune ikkje tar del i vidare utgreiing, men heller evaluerer samarbeidet som allereie eksisterer med Ulstein.

 

Årsmelding og rekneskap for Hareid kommune

Formannskapet skal diskutere korleis fjoråret var for Hareid kommune. Dei får lagt fram både årsmelding og rekneskap. Dei kan du lese her.

Formannskapet blir også orientert om status for fyrste tre månadene i 2020. Det skjer i eiga sak.

 

Budsjettrevisjon 2020

Budsjettet for 2020 blei vedtatt i desember i fjor. Kvart år i juni blir dette revidert for å kunne ta omsyn til dei endringane som har dukka opp halvåret som har gått.

Møtet blir sendt direkte på Facebook-sida til Hareid kommune.