Saker til formannskapet og kommunestyret

Neste veke er det både formannskapsmøte og kommunestyremøte. I begge møta er det lange og omfattande saklister. Her kjem eit samandrag av dei viktigaste sakene.

Du kan lese alle sakspapira til formannskapsmøtet her.

Du kan lese alle sakspapira til kommunestyremøtet her.

Dersom ikkje anna er presisert skal sakene opp i formannskapet før endeleg vedtak i kommunestyre.

Begge møta blir sende direkte, både her på nettsida, og på Hareid kommune si Facebook-side.

Sendinga frå formannskapet

Møtet i formannskapet startar klokka 12 måndag 20. november. (Sendinga starta noko over klokka 12 då det blei teke ei lukka sak i starten av møtet.)

 

Sendinga frå kommunestyremøtet

Møtet i kommunestyret startar klokka 18 torsdag 23. november.

 

Sal av kommunal tomt til Millennium

Etter forhandlingar våren 2021, sendte Hareid kommune eit avtaleforslag til Trygg Utvikling AS om makebyte for hamnesenteret (hamnesenteret) og delar av parkeringsplassen rundt. 

Før avtalen vart underskrevet av partane, selde Trygg Utvikling AS hamnesenteret vidare til Millenium Hareid AS. Millenium ynskjer å tre inn i avtalen og vidareutvikle eigedommen. Planane for bygget inneber kontor i 2. og 3. etasje og kafé i 1. etasje. I avtalen er det føreslått at Hareid kommune skal selje 14 parkeringsplassar på nedsida av bygget til Millenium.

Etter dette har Millenium kome til at dei har behov for fleire parkeringsplassar enn det som er avtalt. Dei ynskjer difor å kjøpe ytterlegare 14 parkeringsplassar. Kommunen har også fått ein førespurnad frå Eilertsen Invest AS om å nytte delar av parkeringsarealet til utkøyring frå nye elbil-ladarar og vaskehallar.

Tilrådinga frå admininstrasjonen er at Millenium Hareid AS får kjøpe den kommunale tomta og at Eilertsen Invest får tinglyst bruksrett på delar av parkeringsarealet.

 

Korleis skal omsorgbustadane på Pålhaugen finansierast?

Prosjekt Pålhaugen har vore sterkt ønska av innbyggjarane og politikarane i Hareid kommune i fleire år. Av ulike årsaker har prosjektet ikkje hatt ønska framdrift og har i realiteten stått stille i over eitt år. Eigedomsavdelinga har no teke tak i saka og skal syte for framdrift og gjennomføring så snart som råd. 

Budsjettet er rekna til å være på 150 000 000,- for til saman 21 bueiningar.

Det er viktig for framdrifta å få avklart politisk kva modell ein skal gå for i høve finansiering av prosjektet. Omsorgsbustadane det her er snakk om kvalifiserer i utgangspunktet til investeringstilskot frå Husbanken. 

Det føreligg to ulike alternativ for finansiering: 

Alt 1: Låneopptak på delar av prosjektkostnaden med investeringstilskot 

Husbanken sine retningsliner seier at vi får investeringstilskot for å dekkje inntil 45 % av prosjektkostnad pr bueining. Maks tilskot pr. bueining er  1 595 000,-. Utfordringane med dette alternativet, er at Husbanken og Statstforvaltaren er at prosjektet blir skalert ned med minimum seks leilegheiter som må byggast annan stad og utan husbank-støtte.

Eit av måla med Pålhaugen er å effektivisere drifta i sektor for velferd. Ved å samlokaliserer alle desse bustadane vil vi kunne spare inn to nattevakter, éi stilling på dag og éi på kveld. Når bustadane ikkje ligg på same stad, vil desse stillingskutta ikkje kunne gjennomførast.

 

Alt 2: Låneopptak på heile prosjektkostnaden utan investeringstilskot. 

Til dette alternativet må Hareid kommune låne heile beløpet og ikkje få husbankstøtte. Då kan alle 21 bueiningane byggast på Pålhaugen og det er mogleg å spare på drifta til sektor for velferd.

Dette alternativet vil koste meir i renter og avdrag, men innsparingane på drifta er så store, at Hareid kommune vil kome 2 millionar kroner betre ut av det med denne løysinga. 

Etter ei samla vurdering tilrår kommunedirektøren at formannskapet går for alternativ to. Denne saka skal ikkje vidare til kommunestyret.

 

Prosjekt vatn og avlaup til Nesset

Hareid kommunestyre har vedteke å bygge vatn og avløpsleidningar frå Nesset til Snipsøyr utan sidegreiner. Det har ikkje vore mogleg å få til frivillige grunnavtalar innanfor kommunestyret sitt vedtak og det er behov for å avklare korleis vedtaket skal følgjast opp vidare.

Administrasjonen opplever med enkelte unntak mindre begeistring for prosjektet blant grunneigarane, dette skuldast truleg at prosjektet vil vere eit omfattande inngrep på eigedomane, legge føringar for bruk av delar av eigedomen samt at dei fleste er nøgde med dei løysingane dei har i dag. Vassforsyningane består av private brønnar der enkelte har kosta på desse i seinare år og derfor ikkje ønsker å knyte seg til kommunalt vatn, medan enkelte andre er dårlege. Eksisterande avlaupsløysingar er ikkje vurdert, men det er grunn til å tru at mange av avløpsanlegga har behov for oppgradering. Det er nyleg innført tilsynsordning for private anlegg, men det er så langt ikkje utført tilsyn på anlegg her.

Kommunedirektøren rår kommunestyret til å helde fast på tidlegare vedtak om bygging av vatn og avløp til Nesset utan sidegreiner. Dersom det ikkje lykkast å få til frivillige grunnavtalar med den traseen som no er prosjektert vert prosjektet avslutta og teke opp til ny vurdering om føresetnadane endrar seg.

 

Val av tomt til reinseanlegg i for avlaup i Hareid sentrum

Hareid kommunestyre har i handlingsprogram og budsjett vedteke bygging av reinseanlegg i Hareid sentrum. Det viser seg no at tomta som er regulert til reinseanlegg er for liten og ein har derfor sett på alternative tomter for bygging av anlegget. 

Alt kommunalt avløp i Hareid kommune går i dag ureinsa til sjø. Det meste av avløpet i Hareid sentrum renn ut under godsterminalkaia på ytre Hareid gjennom leidningar etablert på 70 talet som vart lagt før godsterminalen vart bygd og deretter fylt over med fleire meter med masse. Hovudleidninga som går omlag 200 meter ut til 10 meter djupne har no kollapsa og er uråd å reparere, avløpet renn dermed ut i eit overløp like under kaia og det er også teikn til problem med dette avløpet. Det andre utsleppet i sentrum går ut ved indre molo, her kjenner ein ikkje til nokon problem med leidningane anna enn at desse også truleg er frå 70 talet. Det er også her fylt ut mykje masse dei seinare åra i samband med utviding av nabobedrifta. 

Det er på høg tid å få bygt nytt reinseanlegg i Hareid sentrum og det er tvingande naudsynt å gjere noko med utsleppsleidningane. Sjølv om prøvene som vart teke i samband med forprosjektet viste at avløpsvatnet er svært tynt og at Storfjorden er ein god mottakar, er det observert meir søppel i avløpet enn tidlegare og det er også klare krav i lovverket til at avløpet skal gjennomgå reinsing. Det er derimot litt uklart kva lovkrava vert i framtida ettersom EU arbeider med eit nytt direktiv på avløp som legg opp til svært strenge reinsekrav også for kystkommunar med kort frist for oppgradering av eksisterande anlegg. Det kan uansett vere ein ide å vere førebudd på framtidige reinsekrav og sikre seg at tomta til anlegget har tilstrekkeleg plass for utviding. Som strategidokumentet viser har det vore gjort ei grundig vurdering av alternative plasseringar av anlegget. Det rimelegaste alternativet for kommunen er nok å utvide eksisterande regulert tomt på indre Hareid men dette vil i så fall skje mot viljen til nabobedrifta som seier at dei har bruk for arealet til si verksemd, det kan dermed vere betre å gå for ein annan lokasjon på Raffelneset der det grunneigarane er villige til å selje arealet frivillig eller der kommunen allereie eig arealet sjølve.

 På dette grunnlaget vil administrasjonen tilrå at kommunen går i gang med forhandlingar med grunneigarar og omregulering av tomt kalla "Raffelneset 2" subsidiært andre tomtealternativ i rekkjefølgje som tilrådd i strategidokument. Parallelt vert det sett i gong arbeid med planlegging og bygging av ny pumpestasjon og nye overføringsleidningar til nytt anlegg. 

 

Skal Hareid kommune kjøpe Hareid kyrkje si jubileumsbok?

Hareid Historielag tilbyr Hareid kommune å kjøpe 200 eksemplar av den nye boka Himmel over bygda.

Hareid historielag har trykt opp ei rikt illustrert bok med tittelen Himmel over bygda, som skal vere tilgjengeleg til kyrkjejubileet i 2027. Den har 352 sider om kyrkja og det religiøse livet i Hareid. Historielaget ber kostnadane med trykking av boka og tilbyr Hareid kommune å kjøpe 200 bøker, sidan det er utfordrandre for dei å vente på salgsinntektene. Boka har ei kostnadsramme på om lag kr. 445.000 og Hareid historielag vil dekke kr. 95.000. 

Ny informasjon i saka er at Hareid Sokn vil bidra med det praktiske og stå for lagring og salg av boka. Utfrå samtalen med Hareid Sokn er det også grunn til å tru at dei vil stå for kjøp av 100 bøker for kr.40 000,-. Hareid kommune vil difor kunne stå for kjøp av dei resterande 100 bøkene for kr. 40 000,-. 

 

Økonomistatus Hareid kommune per 31. august

Hareid formannskap får lagt fram rapporten for årets fyrste åtte månadar. Driftsrekneskapen viser eit stort meirforbruk i drifta av kommunen. Både i 2021 og i 2022 vart driftsresultatet vesentleg betre enn rekna med, grunna ekstra inntekter på slutten av året. I 2023 er det ikkje sannsynleg med så store tilleggsinntekter. Med det vi veit per no, så må det takast av disposisjonsfondet i samband med avslutning av rekneskapen for 2023.

Her kan du lese heile rapporten.

 

Søknad om spelemidlar 2024 og prioritering av søknadar

Denne saka er todelt: 

  • Rullering av handlingsprogrammet for Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2012- 2015, sidan det er ein føresetnad for søknad om spelemidlar at anlegget det vert søkt om er sett opp på prioritert plass i handlingsprogrammet i kommunedelplanen. 
  • Godkjenning og prioritering av spelemiddelsøknadar for 2024.

 

For ordinære anlegg vert søknaden om rehabilitering av kunstgrasbane ved Hareid ungdomskule fornya sidan den vart avslått grunna manglande midlar for 2023. Søknaden var formelt i orden og den vil framleis ha prioritet 2. Med prioritet 1 står framleis søknaden om midlar til Hareid idrettslag til turnhall, der dei søkjer om restbeløpet. Med prioritet 3 står den nye søknaden til sanitæranlegg ved Nessetelva.  Det ligg ikkje føre søknad frå Hareid kommune knytt til fleirbrukshall i Hjørungavåg i 2024 så denne har fått 4.prioritet. 

 For nærmiljøanlegg er ein søknad på oppgradering av uteområdet ved Hjørungavåg skule under arbeid og denne vil framleis ha 1. prioritet. Det vil også kome søknadar for Plassane bustadfelt og desse vil få 2-5. prioritet.

 Vi rår til at ein går for desse prioriteringane, og Hareid Idrettsråd har ingen merknad til prioriteringslista, vedlegg 4.

Kommunedirektøren rår kommunestyre til å godkjenne handlingsprogrammet slik det ligg føre, samt prioriteringa av søknadar om spelemidlar for 2024.:

Ordinære anlegg 

1. Hareid IL, turnhall.

2. Rehabilitering av kunstgrasbane ved Hareid ungdomskule. 

3. Sanitæranlegg ved Nessetelva.

4. Ny fleirbrukshall i Hjørungavåg 2024. 

 

Nærmiljøanlegg 

1. Hjørungavåg skule, oppgradering av uteområde, truleg tre søknadar på ulike anlegg som t.d. hinderløype, trampoline og klatretårn.

2. Ballbinge, Plassane bustadfelt.

3. Hinderløype, Plassane bustadfelt.

4. Akebakke, Plassane bustadfelt.

5. Gapahuk, Plassane bustadfelt.

 

Vedtaket vert gjort med atterhald om kommunal finansiering av søknad.

 

Tomt til kulturhus i Hareid

Hareid kulturlag ynskjer å leige grunn hos Hareid kommune i Hareid sentrum for å etablere kultur - og konferansehus. 

Hareid kulturlag vart skipa i mars 2023 med føremål om å fremje og ivareta interessene til kulturlivet i kommunen. Styret i kulturlaget har starta prosess for å realisere oppføring av eit kultur - og konferansehus. Dei søker om å få feste tomt på Hareid kommune sin eigedom med gnr. 41 bnr. 165  i Åsendalen. I vedlagde søknad til Hareid kommune syner dei til vedlagde kartutsnitt med påteikna tomt for plassering av huset. Det vert mellom anna vist til at plasseringa i parken er gunstig fordi det er sentralt, ein har gangveg for trygg tilkomst, området er lett tilgjengeleg, fortetting av sentrum, skjerming av parkområde, resterande areal opparbeidast som parkområde, plassering av musikkpaviljong/uteamfi m.m

Hareid kommune har dei siste åra inngått avtalar om å feste grunn for lag og organisasjonar som utviklar tilbod til allmenn nytte i Hareid kommune. Dette gjeld både Hjørungavåg vikingpark og Hareid idrettslag sin turnhall. 

Området som det vert søkt om er vist til i vedlagt kartutsnitt. Området er i hovudsak sett av til kulturhusføremål i reguleringsplanen, medan noko er sett av til kontor. I kommuneplanen er området sett av til friområde og til sentrumsføremål. Den delen som er sett av til kontor og sentrumsområde ligg ikkje på Hareid kommune sin eigedom, så den vert ikkje behandla i denne saka. Ein legg til grunn den delen av kartutsnittet som er på Hareid kommune sin eigedom med gnr. 41 bnr. 165. Når ein kjem til oppmåling og matrikulering er det mogleg ein må gjere nokon tilpassingar i høve kartutsnittet. Det vert i søknaden opplyst at Hareid kulturlag vil søke om dispensasjon dersom det vert nødvendig i samband med søknaden. Dette vert gjort etter at avtalen eventuelt er godkjent. 

Det at området er sett av til friområde i kommuneplanen kan vere ei utfordring, då tiltaket ikkje vil vere innanfor føremålet. Å binde opp eit areal i sentrum utan ein heilskapeleg plan kan vere uheldig.

Det er likevel klart at området som det gjeld i svært mange år har vore tiltenkt kulturhus og det syner også reguleringsplanen/-føremålet. Det resterande arealet vil framleis vere friområde og initiativtakarane ser føre seg å opparbeide parkområde rundt kultur- og konferansehuset. Dette vil truleg kunne gi eit meir ferdig og heilskapeleg parkområde til glede og bruk for innbyggarane. At det er innarbeida ein musikkpaviljong/uteamfi i planane vil gjere at ein også kan gjennomføre kulturaktivitetar i parken på ein meir tilrettelagt måte enn tidlegare. 

Arbeidet med realisering av eit kulturhus i Hareid har pågått i svært mange år. Kommunedirektøren ser både skipinga av Hareid kulturlag og initiativet til å føre opp eit kultur - og konferansehus som svært positivt. Hareid kommune har i sak om Hjørungavåg vikingpark og Hareid idrettslag sin basishall inngått festeavtalar om bruk av grunn for føremål som gagnar innbyggarane i kommunen. Ein vurderer  dette tiltaket som eit tilsvarande type tiltak. 

I tråd med desse sakene om festeavtalar, tek ein utgangspunkt i ein festerett på 30 år. Det er då krav til at ein må måle opp grunnen og registrere arealet som eiga matrikkeleining. Ein må inngå ei festekontrakt som vert sendt til Kartverket for tinglysing.

Vedlagt ligg festekontrakt utfylt så godt som råd på noverande tidspunkt. Då ein er avhengig av oppmåling og matrikulering, har ein ikkje festesnummer og areal på området. Festeavgift er foreslått sett til kr. 1,- pr år i tråd med avtalane om Hjørungavåg vikingpark og basishallen, med bakgrunn i prinsippet om likebehandling.

Kommunedirektøren ser det som naturleg at festar får same vilkår for festeavtalen som Hjørungavåg vikingpark og Hareid idrettslag når det gjeld kostnadsfordeling. Kostnadsfordelinga går også fram av festekontrakten.  

 

Val til folkevalde organ

Kommunestyret skal i sitt møte velje representantar til følgande råd og verv:

  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Eldreråd
  • Ungdomsråd
  • Forhandlingsutval
  • Administrasjonsutval
  • Kommunen sin representant i fellesrådet til Hareid sokn.