Saker til formannskapsmøtet 18. januar

Når formannskapet skal samlast fyrste gong i 2021, blir det via video.

I fjor vår gjekk dei aller fleste møta i folkevalde organ over video. Her frå eit kommunestyremøte.  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Møtet blir sendt direkte på Facebook sida til Hareid kommune og lagt ut på nettsida etterpå.

Det er meldt opp tre saker – den eine er unnateke offentlegheita:

Prioritering av tiltak på fylkesveg

Saka gjeld innspel til tiltak på fylkesvegane i Hareid kommune. Fylkeskommunedirektøren ber i brevet om at ein melder inn dei fem viktigaste fylkesvegprosjekta i kommunen i samband med hovudrullering av investeringsprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommune. Frist for innspel til investeringsprogrammet er sett til den 29. januar 2021.

Kommunedirektøren råder formannskapet til å gå for følgande prioriteringsliste:

1. Rundkøyring Holstad FV 61. Utbetring av Holstadkrysset. Det er behov for å sikre syklande og gåande når det gjeld kryssing av vegen. Det er også behov for ei betre løysing teknisk då det ofte er vanskeleg å kome inn på vegen frå dette krysset. Det vert også stilt krav om utbetring av krysset før ein kan bygge ut i området. Dette gjeld det komande utbygginga på Brekkane, samt ev. endringar i Holstadfeltet og utbygging av næringsverksemd. Utvikling av området vert derfor sett på vent før rundkøyringa er på plass. Ein har inngått intensjonsavtalar om delfinansering av rundkøyringa med næringsaktørar som ynskjer å etablerer seg i området.

2. Breiare veg på FV 5886 Overå. Området ved Overåsanden er smal og ulykkesutsett. Det er mange barn som kryssar vegen i området, samtidig som fartsgrensa er høg. Det er også utfordringar med krysset frå Kongsberg.

3. Bigset skule FV 61. Det må etablerast trygg kryssing av fylkesvegen for skuleborn.

4. Nedsett fartsgrense frå før krysset til Pelagia på Hjørungavåg FV 5886 til bedehuset. Dette er skuleveg for mange born og det er også mange fritidsaktivitetar i området. Samtidig er det i krysset til Pelagia mykje tungtransport.

5. Nedsett fartsgrense til Brandal sentrum FV 5888. Det må sikrast ferdsel for mjuke trafikantar til t.d. skule, kai og badestrand.

 

Bruk av nye covid-midlar

Rett før jul fekk kommunane melding om ekstraløyvingar til kommunane. Det blei då sagt før jul at løyvinga skulle gå til næringsfremmande tiltak. Kommunedirektøren vil rå formannskapet om å overføre desse kronene til næringsfondet med dei same retningslinjene som covid-midlane på fondet. Sakspapira er ikkje heilt klare ennå.