Saker til formannskapsmøtet 6. februar

Kvar skal vi bygge og kvar skal vi bu? Skal Napoli få skjenke alkohol? Skal vi halde fram med reiselivssatsing? Det er nokre av spørsmåla formannskapet skal svare på under møtet.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 

Heile saklista og alle saksdokument kan du lese her.

Dette er det fyrste formannskapsmøtet i 2023.  Møtet startar med ei synfaring i Hjørungavåg Vikingpark klokka 12. Når formannskapet er ferdige her, vil vi reise tilbake til rådhuset og halde fram møtet i kommunestyresalen. Denne delen av møtet vil bli sendt direkte på Hareid kommune si Facebook-side og i tillegg lagt ut her på nettsida vår.

 

Orienteringar

Det vil bli gitt ein god del munnlege orienteringar i starten av møtet, mellom anna om

  • Arbeid med å vurdere konkurranseutsetting av tenestepensjon
  • Status for mottaket for einslege mindreårige asylsøkarar
  • Revidering av godtgjerslereglementet for dei folkevalde
  • Ny kommunikasjonsstrategi

Her kan du lese ei liste over alle planlagde orienteringar.

 

Politiske saker

Det står fire politiske saker på sakskartet. Ei politisk sak er ei sak der det folkevalde organet skal vedta noko. Anten eit endeleg vedtak, dersom organet har mynde til det, eller ei tilråding som blir sendt vidare til eit overordna organ.

 

Felles satsing på reiseliv på Sunnmøre

Det vert arbeidd med å etablere eit felles reiselivsprosjekt for dei sju kommunane på søre Sunnmøre i 2023 og 2024 i samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS) og Møre og Romsdal fylke. Prosjektet er eit felles prosjekt bygd på tidlegare prosjekt som er gjennomført i andre kommunar på Sunnmøre, mellom anna eit fellesprosjekt for kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven og Ulstein. Det vil koste Hareid kommune om lag 40.000 kroner i året i tillegg til noko eigeninnsats. Kommunane sitt bidrag er basert på folketal. Kommunedirektøren rår til at Hareid kommune er med på denne satsinga. Saka har tidlegare vore handsama i næring- og miljøutvalet som røysta for kommunedirektøren sitt forslag. Formannskapet gjer endeleg vedtak i saka.

Her kan du lese sakspapira.

 

For mykje bustadareal – kva skal vi nytte det til i staden?

Ved 1. gongs offentleg ettersyn av kommuneplanens arealdel kom det motsegn frå Møre og Romsdal fylkeskommune på manglande samsvar mellom prognosar for vekst og omfang av bustadareal. Det er for mykje areal sett av til bustad i plankartet. For å kome vidare i planarbeidet er det naudsynt med ei politisk avklaring på kva bustadområde som skal vere med vidare i planforslaget og kva områder ein skal gje slepp på, og tilbakeføre til landbruk eller gjere om til andre arealformål. I samband med utarbeiding av analyse over bustadareal er det også utarbeida analyse for næringsareal og areal for offentleg eller privat tenesteyting. Alle tre arealformåla må sjåast i samanheng og vedteke kva arealformål som skal inn den reviderte kommuneplanens arealdel. Du kan lese konklusjonen på analysen og kva område som ikkje bør bli bustadområde i saksdokumentet.

Saka skal vidare til kommunestyret som skal vedta kva som igjen skal sendast ut på høyring.

Her kan du lese sakspapira.

 

Skjenkeløyve til Napoli

Når ei verksemd skiftar eigar, må også skjenkeløyve fornyast. Dette er tilfelle for Napoli Hareid AS. Administrasjonen innstiller på at det framleis blir lov å skjenke alkohol på Napoli.

Det er kommunestyret som fattar endeleg vedtak. Les sakspapira her.

 

Endelege planar for Hareidsmyrane (nord)

Det nærmar seg slutten på eit planarbeid som starta i 2016. Detaljregulering for Hareidsmyrane nord 2 inngår som eit utviklingsområde for næring, industri, samt eksisterande industri. Hovudmålet med regulering er å leggje til rette for kombinertformål forretning som opnar for detaljhandel i tillegg til kontor, industri og lager. Planen vurderer også  endringar i eksisterande tilkomstar til områda delar av område med industri og offentleg bygg med brannstasjon/lager vest i planområdet. Det er også vurdert og avklart plassering til planfri gangforbindelse under fylkesveg. Etablering av rundkøyring er eit sentralt element i planarbeidet.

Planforslaget som no ligg føre er grundig gjennomarbeida og godt fagleg vurdert. Det er teke omsyn til innkomne innspel og motsegner, og planarbeidet er revidert i fleire rundar. Alle innspel og merknadar er kommentert og svart ut og planen er no utan motsegn. Planomtalen tek føre seg alle viktige moment med planframlegget som er naudsynt å opplyse. Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg godkjenning.

I sakspapira kan du sjå kart, forklaringar og lese meir om historikken til området.