Saker til kommunestyremøtet 20. mai

Kvartalsrapport, evaluering av brannvern, vegkvaliteten langs Almestranda og finansiering av tusenårsplassen er noko av det kommunestyret skal handsame i møtet. 

Møtet ser du direkte her frå klokka 18 torsdag 20 mai, eller på Facebook-sida vår (lik sida for å få varsel når sendinga startar).

På grunn av covid-19-pandemien er ikkje møtet fysisk ope for publikum.

Fullstendig sakliste og alle sakspapir finn de her.

Evaluering av brannvesenet

Hareid og Ulstein brannvesen vart etablert 1.1.2018 med Ulstein kommune som vertskommune og Hareid kommune som samarbeidskommune. I vertskommuneavtalen mellom Hareid og Ulstein kommune i punkt 11 bokstav c står det at samarbeidet skal evaluerast etter at rekneskapet for det andre heile driftsåret er lagt fram.

Rapporten er no klar, og den konkluderer med at vertskommuneavtalen bør endrast på to område innanfor økonomi: Fordeling av driftskostnadar mellom kommunane og måten investering skal gjennomførast.

Kommunedirektøren rår Hareid kommune til å halde fram med felles brannvesen mellom dei to kommunane Hareid og Ulstein. Vertskommuneavtalen bør derimot endrast noko. Når det gjeld fordeling av driftskostnadar, bør det veljast ein modell som fordeler reelle kostnadar, etter først budsjett og så ei avrekning etter at rekneskapen er oppgjort.

Formannskapet la til eit nytt punkt til kommunedirektøren si tilråding (punkt 4), som kommunestyret skal røyste over: 

«Kommunestyret tek tilrådinga til vitande og ber kommunedirektøren også utarbeide sak om å avslutte samarbeidet med Ulstein.

Saka må syne konsekvensar bl.a. i høve økonomi og personal, samt ha forslag til dimensjonering av eige brannvern, som stillingar og plassering i organisasjonen.»

Har du spørsmål om vaksineringa i Hareid kommune? Sjå her!

Kvartalsrapport for fyrste kvartal

I kvartalsrapporten gjer administrasjonen greie for mellom anna økonomi, sjukefråvær, prosjekt og planar framover. Dette er kvartalsrapporten for fyrste kvartal. Tala for første kvartal viser at kommunen samla har eit stort meirforbruk i forhold til budsjettet, noko av det kan betre seg utover året. Slik det ser ut no, kan meirforbruket, dei ekstra kostnadane til korona-tiltak og ein eventuell svikt i skatteinntektene føre til at meirforbruket endar på over 12 millionar kroner for 2021.

 

Kjøp av molo i Brandal

Søre molo i tidlegare Brandal fiskerihamn er lagt ut for sal på den opne marknaden.  Seljar er Kystverket v/ Forsvarsbygg.  Kommunen har gitt bod med vilkår om politisk godkjenning.  Formannskapet innstiller på at Hareid kommune kjøper søre moloarm for 100.000 kroner. Kjøpet skal finansierast ved låneopptak.

 

Sidegreiner på vass- og avlaupsleidningar til Nesset

I samband med at det er sett av budsjettmidlar i 2021 for å byggje ut vass- og avløpsleidningar frå Nesset til Snipsøyr, har det oppstått spørsmål om det skal byggjast ut sidegreiner til kvar enkelt bustad/bustadklynge, i tillegg til hovudleidninga.

Formannskapet innstiller på at Hareid kommunen skal byggje ut hovudtrasé for vass- og avløpsleidningar frå Nesset til Snipsøyr utan sidegreiner. Private sidegreiner til bustadar/bustadklynger vert utbygd av den enkelte eigar/eigarar. Leidningane vert privat eigde fram til kommunalt tilknytingspunkt på hovudleidninga.

 

Heve vegstandard i Almestranda

Planar om utbygging av hytter/turistmål i Almestranda er avhengig av transport av store mengder med stein, som igjen set krav til bruksklasse og vegstandard. Vegstandarden i Almestranda tilseier at ein enten må sette bruksklassa til BK 6 eller sette av pengar til å ruste opp vegen slik at ein kan sette den opp til BKT8. Formannskapet innstiller på at den kommunale vegen på Almestranda skal ha minimum BKT8 standard og at kommunedirektøren skal innarbeide midlar til å ruste opp den kommunale vegen Almestranda til BKT8 standard, samt midlar til ny kryssløysing, i budsjettet for 2022.

 

Finansiering av Tusenårsplassen

Hareid kommune har lyst opparbeiding av Tusenårsplassen på anbod. Tilboda som har kome inn syner at det ikkje er mogleg å gjennomføre prosjektet med dei budsjettmidlane som er satt av. Formannskapet vil ikkje auke låneramma utover dei 3 millionane som allereie er lova, men gir likevel eit tilleggsløyve for å oppgradere kaia med 1 million. Dette er pengar som vil gå frå hamnefondet.