Saker til kommunestyremøtet 22. juni 2023

Asylmottak, utbygging på Plassane, årsmelding og rekneskap, skjenkeløyve for ny restaurant, godtgjersle til dei folkevalde og mykje meir.

Fyrste del av møtet:

Andre del av møtet:

Møtet blir, som vanleg, sendt direkte på Facebook og nettsida til Hareid kommune (lenke kjem i denne artikkelen). Merk: Møtet startar allereie klokka 15.

Dette er siste møte før sommarferien og det er mange saker på saklista. Under følger ei oversikt og samandrag av dei viktigaste sakene.

Heile saklista kan du lese her.

Før dei politiske sakene vil kommunestyret få to orienteringar:

  • orientering om strategisk næringsplan
  • orientering om resultatet i innbyggarundersøkinga

 

Årsmelding og rekneskap

Årsmelding og rekneskap for Hareid kommune er klart.

«Kommunen kom i mål med eit endeleg sluttresultat der vi får styrka driftsfondet med 7,3 millionar kroner. Det er store inntekter frå statlege overføringar, premieavvik, auka skatteinntekter og inntekter på flyktning som gir dette resultatet. Her er ikkje avvik frå kommunestyret sine budsjettpremissar. Men sektorane går ut med eit meirforbruk i høve vedtatt budsjettramme. Dette er rapportert undervis. For dei to store sektorane er det mange millionar kroner. Utgiftene er mest knytt til lønsutgifter. Av desse kjem noko frå lønsoppgjer, men det meste frå auka tenester i form av enkeltvedtak. Dette i begge dei store sektorane. Behovet i psykiatrien aukar og her er det seks månaders ventetid. På den andre sida er det positivt at bekymringsmeldingar og tiltak i barnevernet har gått ned frå førre år. Kostnadane har likevel auka med statleg innføring av kraftig kostnadsauke på hjelpetiltak. I bu- og habiliteringstenesta er det mange nye brukarar som er i overgangen barn/vaksen, og det har vore nødvendig å opprette nye butilbod.  

Vi har og vil framleis få ein auke i IT-utgifter for digitalisering er ein del av løysinga på morgondagens utfordringar. Desse er ikkje godt nok finansiert i budsjettet per i dag.  

Hareid kommune har eit underskot på ressursar til dei to store sektorane slik desse vert drifta i dag. Utan dei store inntektene hadde kommunen vore på Robek og dette tilseier at driftsnivået er for høgt. Budsjettarbeidet framover vil i stor grad handle om korleis vi skal finne det rette driftsnivået», skriv kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge i si innleiing til årsrapporten.

Her kan du lese heile årsrapporten og alle nøkkeltal.

 

Tertialrapport

Vi har også klare tal for fyrste tertial – altså dei fyrste fire månadane i 2023.

Rapporten viser eit betydeleg meirforbruk, men erfaringsmessig er meirforbruket størst i starten av året grunna kostnader som vert betalt i januar/februar, men som gjeld for heile året. I Sentraladministrasjonen er det særleg NAV kommune som har eit negativt avvik på dei økonomiske stønadsordningane. Læring og kultur reknar med at dei vil ha eit forbruk som er over budsjettet. Det same gjeld Velferd. Kommunalsjefen skriv at sjølv om det vert i sett moglege tiltak, så vil budsjettet til Velferd ikkje holde. Samfunnsutvikling skriv at deira resultat er avhengig av korleis midlane frå EMA-mottaket vert fordelt i budsjettendringa.  På Finansområdet er det særleg posten for renteutgifter som ser ut til å verte over budsjettet. 

Her kan du lese heile tertialrapporten for fyrste tertial 2023.

 

Skjenkeløyve Hareid restaurant og sportsbar

Viking restaurant AS, som driv Hareid restaurant og sportsbar i Kjøpmannsgata, søkjer om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 for Hareid restaurant og sportsbar. Det skal ikkje skjenkast utandørs.

Etter ei samla vurdering av næringsomsyn, edruskapsomsyn og helse- og sosiale omsyn, rår kommunedirektøren til at det vert gitt skjenkeløyve innanfor kommunen si maksimaltid gitt i alkoholpolitisk handlingsplan.

Formannskapet røysta for å gi skjenkeløyve til Hareid restautran og sportsbar.

 

Rammeavtale asylmottak

Skal Hareid kommune søkje om å få opprette asylmottak? Kommunedirektøren syns saka er vanskeleg då her er gode argument både for og mot oppstart av asylmottak. Tilrådinga som ligg føre, er å seie ja til oppretting av ordinært mottak i Hareid kommune. Men det er fullt mogleg å vektlegge annleis, og dermed kome til ein annan konklusjon.  

UDI enno ikkje lyst ut konkurranse om rammeavtale som formannskapet har vore positiv tidlegare. Men dei har lyst ut konkurranse om oppretting av ordinært mottak. Og i denne utlysinga er det gjort unnatak for ordninga med krav om rammeavtale. Grunngjevinga er at det er for få aktørar som har slik avtale. Sidan utlysinga av rammeavtale ser ut til å vere sett på vent, vart det frå Hareid kommune levert tilbod om drift av ordinært mottak,  men med atterhald om kommunal godkjenning. Og NB, det betyr ikkje at vi får ei kontrakt. Vi står i ein søknadsprosess ilag med andre.

I denne prosessen er vi og kjende med at ein privat aktør har levert tilbod på drift av mottak i Hareid kommune. Dei vil og nytte Melshorn hotell. Om Hareid kommune eller denne private aktøren, eller ingen av desse, får tilbod om kontrakt står att å sjå. Slik vi har forstått det så bygg den private leverandøren på modellen med desentralisert mottak, og skal såleis bruke fleire lokalitetar. 

Våre utfordringar som vi ser lokalt, må og vegast opp mot den rolla og forpliktinga som vi har overfor dei som er på flukt. Vi er ein del av ein heilskap, nasjonalt og internasjonalt.  Samstundes har vi som kommune eit tenesteansvar overfor alle våre innbyggarar. Vi skal  drive etter lov og regelverk, med krav til standard og kvalitet. Og vi har eit arbeidsgjevaransvar overfor våre tilsette. Her må det  gjerast ei heilskapleg vurdering. 

Hareid kommune  har ikkje på plass ein organisasjon som på alle sektorar er klar for oppretting av eit nytt mottak.  Men når det gjeld drift av mottak spesifikt, så vil vi på relativt kort varsel vere i stand til gje eit tilbod som  stettar dei krav som UDI stiller, og som vi ynskjer å stille til oss sjølve som ein ansvarleg drivar.  

Utfordringa ligg i deler av det tilbodet vi skal yte som vertskommune. Det gjeld knytt til å bygge kompetanse og kapasitet, men og til om oppretting av mottak er rett/forsvarleg i høve til dei utfordringane vi ser i vårt lokalmiljø

Kommunen er kjend med at vi kan/vil få spørsmål om vi kan busette utover dei 60 flyktningane  vi alt har gjort vedtak om.  Saman med eventuell oppretting av eit ordinært mottak vil dette stille svært store krav til tenestene vi skal stille, og kapasiteten må vurderast fortløpande.

Sidan det er svært tydelege innspel om at eit eventuelt mottak bør/må vere kommunalt, må det vere med i vurderinga korleis vi best sikrar dette.  Sidan her er private aktørar som har søkt om å få drifte mottak i kommunen må vi rekne med at det kan verte eit mottak her sjølv om kommunen sjølv ikkje søkjer. Ved å drifte mottaket sjølve får vi inntektene knytt til dette. Med ein privat aktør må kommunen levere same tilbodet på vesentleg mindre inntekter.

Det kan vise seg å vere vanskeleg å sameine oppretting av eit ordinært mottak med ein meir langvarig driftshorisont , dersom vi samstundes skal makte å bygge kapasitet for auka busetjing. Eit moment her kan vere at oppstart av eit evt mottak truleg ikkje vil vere aktuelt før i oktober 2023, og vi kjøper oss såleis litt tid. Om kommunen vurderer det slik at vi ikkje kan opprette mottak grunna mangel på kvalifisert personale vil det måtte vere med i vurderingane til UDI om dei vil tildele til ein privat aktør, men i kor stor grad det vert vektlagt veit vi ikkje. Vi har også dei oppgraderte bygningane på Myrtunet og forholda ligg til rette for å kunne drifte vidare. Det er usikkert kva nytteverdi desse vil få vidare utan mottaksfunksjon, men nokre gode idear kan gi spennande innhald på sikt

Formannskapet røysta for å søkje om å få opprette asylmottak.

 

Endring av godtgjersle til dei folkevalde

I denne saka skal kommunestyret vedta nivå for godtgjersle til dei folkevalde og reglement for utbetaling av desse.  Folkevalde har rett på arbeidsgodtgjersle og dekking av utgifter og økonomisk tap som følgje av vervet som folkevald. Kommunelova pålegg alle kommunar å ha ei forskrift som tek føre seg dette.

Hareid kommune fekk ny forskrift då den nye kommunelova trådde i kraft i 2019. Forskrifta har blitt revidert ein gong i løpet av perioden. Det er naturleg å revidere godtgjersla på nytt før nytt kommunestyret kjem saman i oktober.

Kommunestyret har blitt førehandsvarsla om denne revideringa i fleire omgangar. Det er blitt lagt fram fleire naudsynte endringar og framlegg til endringar, med alternativ.

Viktigaste endringar som ligg inne i reglementet som kommunestyret skal sende på høyring:

  • Auke godtgjersla til ordførar med 0,5 G. Det svarer til om lag 60.000 kroner. Grunngjeving: Det vil gi ordførar ei godtgjersle på linje med ordførarar i samanliknbare kommunar.
  • Gi varaordførar moglegheit til å krevje tapt arbeidsforteneste på opptil 0,9 G. Det svarer til om lag 100.000 kroner. For å få tapt arbeidsforteneste må det visast til faktisk tap og lønnstrekk. Grunngjeving: Den opphavelege godtgjersla til varaordførar har i mange tilfelle blitt eten opp av lønstrekk på grunn av fri frå arbeid. Tapt arbeidsforteneste rettar opp i denne feilen.

Endringane vil fyrst slå inn når det er vald nytt kommunestyre, ordførar og varaordførar.

Formannskapet røysta for kommunedirektøren si innstilling - å sende ut reglementet på høyring slik det ligg føre.

 

Utbygging av Plassane bustadfelt

Hareid kommune har løyvd 22 millionar kroner over tre år for utbygging av teknisk infrastruktur i Plassane bustadfelt. Dette er eit regulert bustadfelt som ligg å på oversida av plassane og søraust og i forlenginga av Melshornvegen og Solfallet.

I denne saka skal kommunestyret vedta kva alternativ som skal veljast for utbygginga og eventuelt ekstra finansiering.

Det ligg føre tre alternativ, i tillegg til inga utbygging:

  1. bygge ut delar av feltet
  2. bygge ut delar av feltet og veg til resterande felt
  3. bygge ut heile feltet

Vel kommunestyret alternativa 2 eller 3 må det ekstra finansiering til.

Målet er at kommunen skal få igjen utgiftene som går med til opparbeiding av området gjennom sal av tomtar. Kommunedirektøren rår til at kommunestyret vel alternativ 2. Det vil gi minst risiko og mest mogleg gevinst.

Formannskapet innstilte i sitt møte 12. juni på at kommunestyret går for alternativ 3 – bygge ut heile feltet.