Saker til kommunestyret

Her er ein kort oversikt over sakene som skal opp i kommunestyret torsdag 24. september.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Vi kan dessverre ikkje sleppe inn publikum på rådhuset på grunn av smittevernreglar, men møtet blir mogleg å følgje direkte på Hareid kommune sine nettsider via denne lenka, i tillegg til Facebook-sida. Media har moglegheit til å stille fysisk på møtet.

Fullstendig sakliste og saksdokument, finn de via denne lenka.

 

 

Alkohol-bevillingar

 

Kommunestyret skal ta stilling til om til saman ni aktørar for selje eller skjenke alkohol i kommunen vår. Alle desse sakene ha vore handsama i levekårsutvalet og formannskapet. Alle aktørane bortsett frå ein, har fått grønt lys i desse organa.

Dei som ikkje fekk grønt lys, er Lokalbrygg, som sel handtverksbrygg via nettbutikk. Både levkårsutvalet og formannskapet var samrøystes då dei stemte for rådmannen si tilråding som var negativ.

Rådmannen argumenterer mellom anna med at dette blir eit prinsipielt spørsmål om Hareid kommune på generelt grunnlag skal opne for nettsal av alkohol: «Det er vanskeleg å sjå føre seg at etablering av ein slik ny kanal ikkje vil føre til auke i alkoholomsetnaden, noko som vil kunne ha negative konsekvensar for folkehelsa og barn og unge.»

Alle som har fått ja formannskapet og levekårsutvalet er aktørar som sel eller serverer alkohol i dag.

Det er kommunestyret som har siste ordet.

 

Vedlikehaldsstrategi

Hareid kommune har over 40.000 kvadratmeter med bygningsmasse. Alt frå skular, barnehagar, rådhus, idrettshallar og snart heleshus.

Korleis skal vi ta vare på desse bygga og kva skal prioriterast?

For å få svar på det, må vi ha ein vedlikehaldsplan – og for å leggje ein slik plan må vi fyrst ha ein vedlikehaldsstrategi.

Eigedomsavdelinga har utarbeidd eit forslag til ein slik strategi, og i dag skal kommunestyret ta endeleg stilling til han.

 

Kommunepsykolog – saman eller åleine?

Frå 1. januar er alle kommunar pålagte å ha ein kommunepsykolog. I fjor vedtok kommunestyret at Hareid kommune skulle søkje etter eigen psykolog og ikkje samarbeide med andre kommunar.

No har stillinga vore utlyst tre gonger og vi har ikkje fått kvalifiserte søkarar. Administrasjonen har derfor gått tilbake til dei folkevalde for å få løyve til å inngå eit samarbeid med Ulstein, Sande og Vanylven om kommunepsykologtenesta.

Formannskapet var ikkje einig, og gjekk inn for å lyse ut stillinga ein gong til.

I dag skal kommunestyret ta stilling til om Hareid kommune framleis skal stå på eigne bein, eller søkje samarbeid.

Andre saker

Elles skal kommunestyret velje nytt valstyre, vedta ein lønnspolitisk plan, konstituere rådmann og få orientering frå KLP.

Fullstendig sakliste og saksdokument, finn de via denne lenka.