Pexels.com
Grunnen til forseinka utsending av faktura er ei mogeleg auke i eigedomsskatten frå 3 til 4 promille. Dette skal avgjerast av kommunestyret torsdag 12. februar. Vi må derfor vente med å sende ut faktura til skattesatsen er bestemt.
Merk at forseinka utsending av faktura berre gjeld for 1. termin. Dei andre terminane vert fakturert rundt den 1. i annankvar månad, som normalt.
Har du vassmålar?
For dei som har vassmålar, kjem også årsoppgjeret med på faktura for 1. termin.
Om ein studerer fakturaen, ser ein at det er fleire gebyrlinjer enn vanleg. Regjeringa vedtok i fjor at frå og med 1. juli 2025 skulle meirverdiavgift-satsen på vass – og avløpsgebyr settast ned frå 25 % til 15 %. Det har derfor blitt gjort ei avrekning der totalforbruket for året er delt i to like delar - ein del med 25 % mva og ein del med 15 % mva.