Sjekk spam-filteret, det kan vere dei har hamna der.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Nyheitsbreva våre er populære. Vi sender dei ut til over 900 sjølvpåmeldte e-postadresser. Dessverre vil ikkje alle kome fram til mottakarane.
Denne våren har nemleg Google, Microsoft og andre store e-postleverandørar stramma inn på leveringa av masseutsendingar. Fleire e-postar blir stoppa og fleire blir sendt i spamfilteret. Det har også råka Hareid kommune, sjølv om vi har
Vi har merka det fyrst og fremst på at vi har mange færre som opnar e-postane. Fram til mars blei over 60 prosent av nyheitsbreva våre opna. No er talet 40 prosent. Altså har vi mista ein tredel av lesarane våre.
Kva kan du gjere?
- Dersom du er ein av dei som får – og les – e-postane våre, så treng du ikkje gjere noko.
- Dersom du ikkje får e-postane lenger, men veit du er abonnent, så kan du sjekke spamfilteret eller søppelpostboksen din. Når du så finn ein av e-postane frå oss, kan du leggje Hareid kommune inn som trygg avsendar. Som regel vil det føre til at e-postane slepp gjennom filtera og vil dukke opp i innboksen din.
- Dersom du ikkje er abonnent, kan du trykke her og leggje igjen e-postadressa di. Då vil du blir ein av over 900 som får 3-4 nyheitsbrev i månaden med siste nytt frå Hareid kommune.
Publisert 20.06.2024 12:11
Sist endra 20.06.2024 12:11