Selvågtunnelen open i tre veker i sommar
Selvågtunnelen i Ulstein kommune blir open for fri ferdsel frå laurdag 12. juli kl. 06.00 til søndag 3. august.
Statens vegvesen
Etter dette startar kolonnekøyring opp att frå natt til måndag 4. august, og vil gjelde kvar natt frå kl. 20.00 til 06.00.
Frå hausten blir det òg nattarbeid natt til måndag i partallsveker, noko som tidlegare har vore unntak.
Natt til søndag i partallsveker blir framleis utan arbeid.
Følg med på 175.no for oppdateringar.
Publisert 15.07.2025 09:23
Sist endra 15.07.2025 09:23