Sikrar Gjerdeelva mot flaum

NVE har starta arbeidet med å gjere Gjerdeelva ein tryggare elv for alle.

NVE har starta arbeidet med å sikre Gjerdeelva. Mellom anna skal sidene "plastras" det vil seie blir steinlagte. Birgitte Moltu/Hareid kommune  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Flaumsikringa som Noregs vassdrags og energidirektorat står for, inneber mellom anna plastring av elvesidene og oppretting av elveløpet der elva går i krappe svingar. Resultatet vil verte ei elv som er tryggare for alle.  

Tiltaket har vore planlagt og utsatt fleire gongar. NVE fekk i mai løyva ekstra midlar for å kunne bruke dei til prosjekt som raskt kunne setjast i gang og skape sysselsetjing i lokalmiljø. Holstad Maskin AS er leigd inn som underentreprenør og skal utføre blant anna skoging og massetransport.


Dette er eit tiltak med stor samfunnsnytte. Sikringsplanen har vore på høyring til råka grunneigarar. Hareid kommune skal betale ein eigenandel på 20 prosent av den totale kostnaden. Dette utgjer 866.000 kroner.

Her er ei oversikt over parsellane. Arbeidet startar med nedste parsell. Arbeidet startar opp denne veka og vil truleg halde fram til sommaren neste år. NVE har delt opp elva i tre parsellar og vil gjere seg ferdig med ein parsell før dei går vidare. Dei starter med den nedste parsellen. Arbeidet vil skje med maskin i elva og i anleggsperioden vil det vere auka transport av massar og stein i området.