Siste sjanse til å ta vare på eigedelar frå Trudvang/Fantehuset

Ungdomshuset Trudvang / Fantehuset skal om kort tid rivast.

Christine Riise Øvrelid  

Den 19. april 2021 vart det gjennomført synfaring på Trudvang. Tilstades var representantar for Hareid Amatørteater,  kunstnar Cecilie Hole, Vikebladet/Vestposten, prosjektleiar for bygget og kulturkonsulent i Hareid kommune.

Vi ser at bygget er svært forfalle og mykje av inventaret er heilt øydelagt. Det kan likevel vere ein del eigedelar og kulturskattar som kan vere interessante for lag og organisasjonar i Hareid å ta vare på før riving skjer. Til dømes er der ein del musikkutstyr som kanskje nokon saknar?

Med bakgrunn i dette ber vi frivillige lag og organisasjonar om å ta kontakt med kulturkonsulent Christine Riise Øvrelid snarast og seinast innan 10. mai 2021 dersom du har direkte eigarskap til noko som må takast vare på.

Det vert ikkje gjennomført fleire synfaringar før bygget vert rive.