Sjå den flotte peparkakelandsbyen

Også i år har skulane laga til flotte peparkakebygg til sjukeheimen.

Det er tradisjon for at dei fire barneskulane i kommunen, Brandal friskule, Bigset skule, Hareid barneskule og Hjørungavåg barneskule lagar til peparkakelandsby på sjukeheimen.

Bebuarar og tilsette set kjempestor pris på å få denne gåva som lagar god julestemning.

Du kan sjølv stikke innom sjukeheimen for å sjå, og kanskje slå av ein prat med ein gamal kjenning eller tilsett. Peparkakelandsbyen står innafor hovudinngangen og i enden av matsalen.

Dersom du ikkje har sjans til å besøke sjukeheimen, kan du sjå ein biletekavalkade her: