Sjå opptak frå kommunestyret 16. september

Bla deg nedover for å sjå klipp frå alle sakene, og kva vedtak som blei fatta. 

Dessverre fungerer peikarane til enkeltklippa berre i enkelte nettlesarar.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Her kan du lese sakspapira til møtet.

Her kan du sjå heile møtet frå start til slutt:

Orienteringssak:  IA og nærvær og sjukefråvær, ved Ole Petter Holøs frå, Nav arbeidslivssenter Møre og Romsdal avdeling Sunnmøre

Orienteringssak: Presentasjon av Nav - teneste, målstyring og måloppnåing, ved Aleksander Mauseidvåg, leiar for Nav Hareid-Sande-Ulstein

Orienteringssak: Kvartalsrapport og tiltak etter budsjettrevisjon, ved kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge og kommunalsjefane

Politisk sak: Salsløyve for alkohol 2021-2024 - Lokalbrygg AS

Vedtak: Kommunestyret har vurdert søknad frå Lokalbrygg AS, org.nr. 924 455 500, dagsett 14.07.2021, og merknadar som er motteke i saka. 
1. Søknad om salsløyve for alkoholhaldig drikk gruppe 1 (lågare alkoholinnhald enn 4,8 volumprosent) for Lokalbrygg AS, Karl Staaffs vei 76, 0665 Oslo vert ikkje imøtekomen.
Grunngjeving: Vedtaket er gjort med heimel i alkohollova § 3 og alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen.

Politisk sak: Aksjeteikning i Runde Forsking AS

Vedtak: Hareid kommunestyre ser positivt på tiltaket, men vedtek på noverande tidspunkt å takke nei til invitasjonen frå Runde Miljøsenter AS / Runde Forsking AS om å delta i aksjeemisjonen. Hareid kommunestyre vil vurdere saka på nytt i samband med budsjettet.

Politisk sak: Kommunal representasjon til Styret for Hareid Legesenter

Vedtak: Hareid kommune sine medlemmar i styret for Hareid legesenter AS er:

Administrativ representant : økonomileiar Bjørnar Haddal vald for 3 år
Folkevald representant : kommunestyrerepresentant Berte Holstad Engen vald for 2 år

Representantane i styret vert vald for 2 år i gangen, men for å få kontinuitet vert representanten frå administrasjonen vald for 3 år første gang deretter for 2 år.

Den folkevalde representanten får dekka tapt arbeidsforteneste og godtgjersle på same vilkår som møte i formannskapet