Sjå orientering om budsjett 2023 og handlings- og økonomiplan for neste 4-års periode.

Direkte sending tysdag 22/11 frå kl. 15.00 på Hareid kommune si heimeside og Facebookside.

Hareid kommune

Tysdag 22. november er det møte på Hareid rådhus for råda og utvala i kommunen: Eldrerådet, Ungdomsrådet, Råd for menneske med nedsatt funksjonsemne, Nærings- og miljøutvalet og Levekårsutvalet.

Kl. 15.00 vil kommunedirektør, økonomileiar og budsjettansvarleg orientere om neste års budsjettforslag og korleis administrasjonen har jobba med budsjett og planar for den neste 4-års perioden. 

Du har høve til å følgje møtet direkte frå kl. 15.00 her på nettsida og på Hareid kommune si Facebookside

 

 

Saksdokumenta finn du på denne lenka: Budsjettpresentasjon/Handlings-og økonomiplan 2023-2026

Samandrag:
Budsjett og handlingsprogram for neste fireårsperiode er ei vidareføring av forrige handlingsprogram. I budsjettet ligg ei satsing på å legge til rette for rekruttering av fleire innbyggjarar, og for endå betre og meir effektiv samhandling med næringslivet. For å kunne prioritere lokalsamfunnsutvikling så er dei ordinære rammene svært stramme. Meldte utgiftsbehov er langt større enn inntektene, og renteutgiftene krev stadig meir av driftsmidlane våre. Dei ytre påverknadane på budsjettet er usikre. Dette vil i sum krevje tett oppfylgjing og kontinuerlig omstilling med fokus på å holde budsjettet i 2023 og åra framover. Uforutsette hendingar vil med stor sannsynligheit måtte løysast med budsjettkorrigering mellom sektorane sine rammer. Kommunedirektøren peiker på at det er avgjerande viktig å ta strategisk gode val no, der ein ser behovet til kommunen samla sett og tenkjer langsiktig i høve prioriteringsrekkefylgje av tiltak og kommunen sin samla gjeldsbyrde.

 

Onsdag 23. november kl. 12.00 er det møte i Hareid formannskap 

Dette møtet vert ikkje direktesendt. Møtet er i kommunestyresalen på Hareid rådhus og er ope for publikum, bortsett frå når det eventuelt skal behandlast saker som er unnatekne offentleg innsyn. 

Lenke: Saksdokument for Formannskapsmøte, 23. november