Sjå sendinga frå formannskapet 23. november

I dette møtet skal formannskapet vedta budsjettinnstillinga som kommunestyret skal røyste over 10. desember.

  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Skriftlege spørsmål frå Berte Holstad Engen i formannskapet:

Det er som alle veit foreslått store endringar i drift i Velferdssektoren, og mange er bekymra for det som er foreslått. Det er dramatiske endringar som er lagt inn som føringar for budsjettet. Vi hadde i 2018-19 eit prosjekt på gong der Velferd fekk ekstra ressurs gjennom ein endringsagent for å sjå på potensiale for effektiv drift samtidig som kvalitet skulle vere i fokus. Målet var også å få kontroll på overskridingar i sektoren. Eg etterspurte evaluering og resultat av dette arbeidet tidlegare i år. Tilsvaret fekk eg i eit fsk i august om eg ikkje hugsar feil;  ei lang liste med tiltak , og med eit inntrykk av at prosessen etter dette arbeidet var i gong og ein god del av tiltaka var innlemma i budsjett, men at det til då hadde vore for kort tid for å kunne måle dette i driftseffektar og økonomi. 

Eg ynskjer ny gjennomgang av denne tiltakslista for å få ein status på kvar arbeidet står, kva har blitt gjennomført av det som var vedtatt av politikarane og gjennomført av det som står p lista – og økonomiske effektar av dette. Kvar står vi?

Eg har til no dessverre ikkje har inntrykk av at det er endringar på gong i rett retning. Eg vil heller seie at eg har inntrykk av unødvendig dyr drift; eg kan her nemne svært dårlig organisering og gjennomføring av sommarferie avvikling, svindyr og til tider nærast uforsvarlig. Annaeksempel er stadige flyttingar av helsestasjon som eit ledd i Covidhandteringa, først til barnehage med kostnadar på bygg og inventar, deretter til sjukeheim med kostnadar  for å få det funksjonelt for deretter  ned til helsehuset til slutt– kva andre kommunar brukar pengar på denne måten som oss? 

Eg vil gjerne ha orientering om desse punkta også i neste fsk og kva kostnadar som er knytt til slik drift som dette.

Tilbake til budsjettet. Vi har altfor lenge vente på ein omsorgsplan og det har om eg ikkje hugsa feil blitt lova at den skulle foreligge på disse tider. Endringane som no er føreslått i Velferd  er så dramatiske at dei bør vere hjemla i ein slik overordna langsiktig plan  – er forslaga det?  Eller er forslaga kun eit resultat av at budsjettet må i havn? Skal vi vedta endringar først og plan etterpå? I FSK etterspurte eg både ROS-analyse og kvalitetssikring av forslaga, med lovnad om at det vil kunne foreligge i februar 2021... Velferd har over lengre tid gått i minus og kvar økonomirapportering viser nye underskudd. Eg hadde då forventingar til at når slike forslag kom på bordet så var dei veloverveide, risikovurdert, rekna på og kvalitetssikra fordi ein har hatt god tid på seg til å sjå at større grep må takast for å løyse utfordringane OG Desse forslaga burde vere eit resultat av ein kvalitetssikra omsorgsplan med ein klar strategi utfrå kvar vi er og kvar vi skal. Det opplever eg ikkje at det er – og eg etterspør handling på dette området frå administrasjonen ved leiar for velferd.
Eg ynskjer derfor også orientering i neste fsk om status for omsorgsplan og i kva grad årets budsjettforslag for sektor for Velferd er hjemla i ein slik plan.

SVAR FRÅ KOMMUNEDIREKTØREN:
1.    Svært dårlig planlagt/gjennomført ferieavvikling sommeren 2020.
Kommunalsjef har svart ut dette spm. i formannskapet tidligare. 
Det medfører riktighet at ferieavviklinga vart krevjande for enkelte einingar. Årsaka var mangel på ferievikarar, vakans helsepersonell i turnus (spl). Det medførte forskyving av vakter, overtid mm som gjer drifta kostbar. Det har og vore krevjande omsorgsoppgåver som har medført meirforbruk for å sikre helsehjelp. Eg er ikkje kjent med at det ikkje har vore forsvarleg drift. 

2.    Helsestasjonen flytta 3 gonger på 10 månader.
I ettertid kan ein stille spørsmål og undra seg, det kan eg forstå. Men då pandemien kom og fleire viktige samfunnsfunksjonar var nedstengt eller skjerma slik legesenteret vart, måtte ein ty til raske løysingar. Helsestasjonen som då var i same bygg som legesentret måtte flytte. Val av midlertidig lokalisasjon vart Hareid barnehage då det vart vurdert få andre lokalisasjonar til formålet. Då barnehagen skulle starte opp att måtte Helsestasjonen igjen flytte til lokalisasjonen som vart tilrettelagt for slik drift. Det var kriseleiinga i Hareid kommune som vurderte tilgjengeleg lokalisasjon etter medisinfaglege vurderingar frå smittelegen og kommuneoverlegen. Eg vil rose våre helsesjukepleiarar som stod på i denne perioden.  

3.    Omstilling - Endringsagent - Kutt i drifta - Omstilling på kort og lang sikt - Vegval - Strategi 
Hareid kommune har sett omstilling på dagsorden dei siste driftsåra. Det har vore politisk samansette utval, innovative tilnærmingar (endringsagent) og samstundes vedteke større kutt i driftsbudsjetta. Det ei klar oppfatning at det er behov for strategidokument innan ulike tenesteområder, dei må harmonisere inn mot ny kommuneplan, gjerne som delplan.  

Endringsagenten si hovudoppgåve hausten 2019 var å fasilitere oppstart av prosjekt. Fleire prosjekt vart etablert i sektor velferd, til dømes verkty for kvalitets- og effektivitetsmåling ved  matproduksjon kjøkken. Prosjektet har vore vanskeleg å måle då pandemien har hatt vesentleg innverknad på drifta av kjøkenet (inntekt/utgift). Eit prosjekt som ikkje vart starta var måling av tilsette sin aktivitet i heimetenesta. Årsak her er at SSiKT ikkje har vore villig til å installere verktyet. Både Herøy og Hareid har venta lenge på avklaring, Hareid har no skrinlagt prosjektet. 

Sektor Velferd fekk vesentleg kutt i budsjettet for 2020. Kutta er effektuert men det har vore svært vanskeleg å halde driftsramma. Årsaka er grunngjeve i månad- og tertialrapportar. Desse forholda har innverknad på omstillingsarbeidet.

Omstilling har både korte og lange løp. Det har vore svært utfordrande å setje realistiske milepælar for arbeidet i haust. Årsaka er driftsmessige utfordringar hovudsakleg innan tenesteproduksjon. Det har vore oppstartsseminar med stab-/leiargruppa, HTV og representant frå vernetenesta. Ny samling i veke 49. Omstillingsarbeidet skal forankrast i gjeldane omsorgsplan. Det må vurderast om plandokumentet; omsorgsplanen, er formålstenleg  i si noverande form når det gjeld strategi for tenesteområda.  

Som eit ledd i omstillinga, men og med klar referanse til Hareid kommune sin økonomi har Agenda Kaupang vore engasjert for å vurdere vår evne til å differensiere tenestetilbodet innan pleie- og omsorg – fokus på demografi og  framskriving av tenester. Agenda Kaupang kjem med forslag til mulege vegval. Rapporten frå Agenda Kaupang vil gje oss gode råd når det gjeld tenesteutvikling og er eit vesentleg verkty for omstilling – til revisjon av omsorgsplan/strategiplan for Velferd og Bustadsosial Handlingsplan, som no skal reviderast. 

I samarbeidsmøtet 30.10.20 mellom formannskap og kommunedirektørens leiargruppe var omstilling i sektor Velferd på dagsorden. Oppsummering frå møtet vart følgjande:

1) Utgreie avheimling av institusjonsplassar:
     - omgjering av 16 plassar til bufelleskap
     - avvikle 8 institusjonsplassar.
2) Framtidig organisering av Bu & Habilitering (struktur og leiing)
3) NAV og Barnevern til andre sektorar 
4) Utarbeide strategiplan for sektor Velferd 

Dei prosessane som no er starta handlar om strukturelle endringar i sektor velferd, nokre av dei er kobla til budsjett 2021. 

Avheimling av institusjonsplassar kan ikkje vedtakast i budsjett 2021. Avheimling skal vedtakast av kommunestyret (sjukeheimsforskrifta). Omgjering frå sjukeheimsplass til leigetakar i bufellesskap er individuelle vedtak for å sikre rettigheiter for den det gjeld. Utgreiinga skal vurdere driftsmessige forhold, effekt/ lønnsemd av omgjeringa. Den skal og ivareta dei HMS realterte forholda ved omgjering (omstilling). Tiltaket skal gjennom ei ROS analyse før framlegg for politisk behandla.