Skal dei tilsette få lade el-bilane sine gratis på kommunen sine ladestasjonar?

Det er ei av sakene som formannskapet skal ta stilling til måndag 27. februar.

Nærbilete av ladestasjon foran rådhuset. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Møtet blir sendt direkte frå klokka 12 og vil vere tilgjengeleg i opptak på kommunen si Facebook-side og nettside.

Det er også mogleg å møte opp fysisk.

 

Gratis el-billading?

El-bil lading for tilsette i Hareid kommune har vore eit gode for alle tilsette i kommunen sidan etableringa av ladestasjonar ved parkeringsplassane ved Hareid rådhus og bak Kjøpmannsgata. Tidlegare i år bad dei folkevalde om at det kom ei politisk sak om ordninga slik at dei kunne ta stilling til ho.

No kjem saka, og kommunedirektøren rår formannskapet til å avvikle gratisordninga.

 

Korleis går det med økonomien og sjukefråveret?

Administrasjonen skal informere dei folkevalde om den økonomiske stoda og korleis det går d med sjukefråværet i kommunen.

 

Les resten av saklista og alle sakspapira her.