Skal detaljregulere Kjøsaplassen

Planen er å regulere inn ny tilkomstveg frå hovudvegen og opp til Plassane.

kart over planområdet - Klikk for stort bilete

No er det laga til ein mellombels anleggsveg opp til bustadfeltet Plassane, som er under utbyggin. Målet er å gjere denne permanent. Det vil gjere at bebuarane i det nye bustadfeltet – og andre som har adresse på Plassane – slepp å køyre opp Soffibakken og gjennom byggefeltet.  

Det vil også blir planlagt å legge til rette for 2-3 fleirmannsbustadar i to etasjar.

I fyrste omgang varslar kommunen om oppstart av detaljreguleringa på Kjøsaplassen. Det gjer vi for å stette krava i plan- og bygningslova paragraf 12-8. Norconsult AS er utførande planrådgivar på vegne av Hareid kommune.

Føremålet med planarbeidet er å regulere ny tilkomstveg til bustadfeltet Plassane som er under utbygging, og nye bustadtomter på tomta med gards- og bruksnummer 41/12.

Det er ikkje vurdert at tiltaket vil utløyse krav om konsekvensutgreiing jamfør forskrift om konsekvensutredning paragraf 6 og 8.

Har du spørsmål, opplysningar eller synspunkt som er viktige å ta høgde for i samband med planarbeidet, kan desse sendast skriftleg til plankonsulenten via Altinn, e-post (kristina.stendal.karlsen@norconsult.com) eller med vanleg brev til Norconsult AS, Strandgata 5A, 6150 Ørsta

Når det har blitt utarbeidd eit planforslag, vil det bli lagt ut til offentleg ettersyn. Dette vil bli annonsert i lokalavis, og grunneigarar og aktuelle myndigheiter vil bli varsla via Altinn/brev/e-post.

Frist for innspel til varsel om oppstart er 28.03.2025.

Kjøsaplassen: Varsel om oppstart av detaljregulering
Tittel Publisert Type
Varslingsbrev_Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf

07.03.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Varslingsbrev_Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf
Referat frå oppstartsmøte_Detaljregulering Kjøsaplassen_29112024.pdf

07.03.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Referat frå oppstartsmøte_Detaljregulering Kjøsaplassen_29112024.pdf
ROS-sjekkliste _ Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf

07.03.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned ROS-sjekkliste _ Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf
Plangrense_Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf

07.03.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Plangrense_Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf
Planinitiativ_Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf

07.03.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planinitiativ_Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf
Oversiktskart_Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf

07.03.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Oversiktskart_Detaljregulering Kjøsaplassen.pdf