Statens vegvesen
På dagtid vil tunellen vere open for trafikk, men mellom klokka 20 og 06 på morgonen, vil tunellen vere stengt.
Då blir det berre kolonnekøyring på faste tidspunkt. Det blir heller ikkje høve til å nytte Selvågvegen (på “utsida” av tunellen) som gjennomkøyringsveg mellom kolonnetidene.
Dei er:
- klokka. 2030 – Eiksund-Haddal-Eiksund
- klokka 2100 - Eiksund-Haddal-Eiksund
- klokka 2130 - Eiksund-Haddal-Eiksund
- klokka 2300 - Eiksund-Haddal-Eiksund
- klokka 0030 - Eiksund-Haddal-Eiksund
- klokka 0445 - Haddal-Eiksund-Haddal
Her kan du lese vegmeldinga frå Statens vegvesen.
Helsehjelp - legevakt - føde
På kveld, natt og helg er legevakta for Hareid plassert i Hovdebygda (Ørsta). Det gjeld i anleggsperioden akkurat som elles i året.
Om du har behov for å kome deg til legevakt, må du som vanleg ringe legevakta på 116 117 først. Legevakta vil vurdere kor mykje det hastar. Dersom legevakta vurderer det som naudsynt at du får køyre gjennom tunnelen utanom kolonnetidene, vil dei syte for det.
Så gjer som vanleg: Ring legevakta dersom du treng legehjelp. Ha registreringsnummer til bilen klart.
Tilsvarande gjeld for dei som skal føde på sjukehuset i Volda. Ta kontakt med føden og meld frå viss du har behov for å kome inn. Dei vil så vurdere om det er behov for å køyre utanom kolonnetidene.