Skal kontrollere alle dei kommunale vegane

Hareid kommune har inngått avtale med Asplan Viak om å utarbeide «hovudplan veg» for kommunen.

Erlend Friestad   

Gjennom arbeidet med vegplanen skal tilstanden på heile det kommunale vegnettet kartleggast. Kartlegginga skal gi grunnlag for å kunne seie noko om kva som må til av tiltak for å få det kommunale vegnettet opp på ein akseptabel standard. Under kartlegginga vil ein legge særleg vekt på bereevne og trafikktrygging.

Med bereevne tenker ein særleg på forsterkings- og dekketiltak. Døme på forsterkingstiltak kan vere utskifting av dårlege masser i vegen. Døme på dekketiltak kan vere reperasjon av skader i asfaltdekket eller komplett reasfaltering.

Med trafikktrygging vil ein i denne omgang ha fokus på kartlegging av eksisterande rekkverk, rekkverksbehov der dette manglar i dag, tilstand på veglys, tilstand på eksisterande skilt og skogrydding med tanke på sikt i kryss til dømes.

Kartlegginga vil resultere i ein kostnadsberekna tiltaksplan. Målet med tiltaksplanen er at kommunen på ein enkel måte skal kunne ta ut kostnader for å planlegge nødvendige investeringsmidlar for å få heile det kommunale vegnettet opp på ein akseptabel standard i løpet av den komande 10-års perioden.

To-tre representantar frå Asplan Viak vil starte kartleggingsarbeidet langs kommunevegane på Hareid frå og med 19. mai i år. På deler av kartlegginga kan det vere at nokre frå eining for kommunalteknikk i Hareid kommune deltek i lag med Asplan Viak. Det er venta at kartlegginga vil halde på fram til månadsskiftet mai-juni. Representantane frå Asplan Viak vil vere utstyrte med gule refleksklede merka med Asplan Viak. Kartlegginga vil truleg skje både til fots og med bil.

Asplan Viak er eitt av dei største rådgjevande ingeniør- og arkitektfirma i Norge. Selskapet har snart 60 års erfaring med tverrfagleg rådgjeving og analyser til offentleg og privat verksemd.

Hovudplanen er venta å vere klar rett før fellesferien i juli.