Erlend Friestad
Den skjerma eininga har framleis smitte, men utbrotet er avgrensa til denne eininga. Vi opprettheld derfor restriksjonane der inntil vidare.
Hygiene er avgjerande
Vi kjem likevel med ei klar oppmoding:
Alle bebuarar i omsorgsbustadane på Hadartun – og alle besøkande til sjukeheimen – må vere særs nøye med personleg hygiene. Det er framleis mykje norovirus i omløp i lokalsamfunnet, og risikoen for ny smitte er framleis høg.
På sjukeheimen opprettheld vi eit reinhaldsnivå som samsvarar med aktiv smitte.
Dagsenter og andre planlagde arrangement kan gjennomførast.
Det er då heilt avgjerande at dei hygieniske prinsippa blir følgde nøye for å unngå ny nedstenging.
Kva er norovirus?
Norovirus er den vanlegaste årsaka til omgangssjuke.
- Varer normalt 1–3 dagar for friske personar
- Kan gi alvorlegare og meir langvarig sjukdom hos eldre og dei med svekka immunforsvar
- Svært smittsomt – berre nokre få viruspartiklar er nok
- Toler både varme, kulde og alkoholbasert handsprit
- Overlever lenge på overflater
Slike utbrot er krevjande både for dei som blir sjuke, og for kommunen – mellom anna gjennom auka kostnader til overtid, vikarar og reinhald.
Har du spørsmål?
- Sjukeheimen: 909 64 007
- Heimesjukepleia: 915 66 734
Takk for forståinga og for at alle bidreg til å hindre ny smitte!