Skriftleg spørsmål: Kva sparer kommunen på å kutte i sosialstøtte til barnetrygdmottakarar?

Dette var eit av fem skriftlege spørsmål Høgres representant i formannskapet, Berte Holstad Engen, stilte i formannskapsmøtet 8. november.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Folkevalde i Hareid kommune kan, ifølgje reglementet for folkevalde, stille skriftlege spørsmål til kommunedirektøren eller ordførar. Spørsmåla og svara blir publisert på nettsida når dei er besvart.

Du kan sjå heile formannskapsmøtet i opptak her.

Under videovindauget kan du lese alle spørsmåla og dei skriftlege svara frå kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

1. Korleis arbeidar HK med overgong skule-barnehage der PPT og ekstra behvo er avdekka? Kva er det som gjer at innbyggjarane ikkje opplever dette som godt nok? Kva er rutinene, kva er gjort av evaluering og evt. forbedringsarbeid her?

Det er ei overodna målsetjing for alle instansane i kommunen å arbeide førebyggande og heilskapleg med barn i oppvekstmiljøet.

Hareid kommune har ein Handlingsplan for samhandling og overgang mellom barnehage og skule. I Stortingsmelding 16 vert tidleg innsats for livslang læring vektlagt. Hareid kommune arbeider for å kvalitetssikre overgangar frå barnehage til 1.klasse, frå barneskule til ungdomsskule og til vidaregåande skule. Handlingsplan for samarbeid og samanheng barnehage /skule. Planen inneheld tidsfristar, tiltak/handling, korleis overgangen er for barn med særskilt opplæringstiltak og kven som har ansvaret for å følgje opp. Planen var revidert nyleg i 2021. Revideringa av planen er ein del av rutinen vår for å sikre best mogleg overgang frå barnehage til skule for alle barn.

Beggynnaropplæringa i skulen dannar grunnlaget for all vidare læring og meistring, i skulen og seinare i livet. Skuleeigar og tilsette er einige om felles langsiktige mål og satsingsområde og bygge felles system. Skulane i Hareid har felles praksis for å legge til rette for læring, basert på kva forsking seier om god praksis. Målet er eit godt læringsmiljø med tilpassa opplæring til alle, uansett evner og føresetnader. Sentralt i dette arbeidet er ein forpliktande dialog mellom barnehage, skule og PPT.

I saker der det er avdekka ekstra behov er skulen raskt inne med tiltak. Det vere seg om PPT er inne eller ikkje. Det er ikkje slik at skulen ventar med å sette inn tiltak til PPT er inne i saka og eventuelt kjem med ei sakkunnig vurdering. I saker der PPT er inne i barnehagen blir tiltak vidareført frå barnhagen til skulen. Tiltaka blir då vidareført i påvente av ei eventuell ny sakkunnig vurdering.

I overgangen frå skule til barnehage har vi rutine på overføring av informasjon. Felles skriftlege skjema frå barnehagen blir levert til skulen etter samtykke frå føresette. Skuleleiinga er med på undervisningsopplegg eller liknande i barnehagen for å sikre ein god overgang til skule. Skulen deltek på samarbeidsmøter/ansvarsgrupppemøter, der eventuelt spesialpedagog og føresette deltek for å sikre ein god overgang til skule. Skulen hospiterer i barnehagen og barnehagen hospiterer i skulen, også for å sikre gode overgangar. Når det gjeld elevar med særskilte behov er skulen inne i barnehagen og møter ulike instansar og foreldre inntil 2 år før barnet tek til på skule.

Medverknad til føresette er ivaretatt gjennom dialog både når det gjeld tiltak som blir sett inn frå barnehagen og skulen si side. Føresette deltek også på tiltaksmøter i lag med skule og PPT.

Relasjonar ligg i botnen for alt vi gjer i barnehagane og skulane i Hareid. Barnehagane og skulane i Hareid har tidleg innsats som eit av kjerneelementa i kvalitetsplanen for god oppvekst i Hareid.

Kva som gjer at innbyggjarane ikkje opplever at dette er godt nok? Grunnen kan være at vi ikkje formidlar godt nok korleis vi arbeider med å sette inn tiltak når vi avdekker ekstra behov. Det som kan seiast er at føresette blir informerte og tatt med på tiltak som blir sett inn.

 

2. Vi er ei av kommunane som avkortar barnetrygda når ei familie mottek sosial stønad. Eg ynskjer å få orientering om kva summar dette er snakk om for kommunen i innsparing og kor mange familiar som blir "ramma" av denne praksisen i kommunen.

Eg fekk det same spørsmålet frå ordførar, så her har eg fått innhenta eit fyldig svar frå NAV-leiar Alexander Mauseidvåg, datert 28.10.21:

Nedanfor syner vi eit estimat på kva det vil koste per år for Hareid kommune dersom vi held barnetrygd utanom den økonomiske berekninga når vi innvilgar økonomisk sosialhjelp.

Når NAV gjer vedtak på økonomisk sosialhjelp, må vi ta utgangspunkt i at det skal lønne seg å vere i arbeid. Samtidig må stønadsstørrelsen alltid ta omsyn til dei familiane som er avhengig av sosialhjelp ei periode, og at tilhøva for desse skal vere gode nok til at ikkje born vert skadelidne under foreldre sine manglande inntekter. Lov om sosiale tenester i NAV krevjar av oss at vi gjer individuelle vurderingar i kvart enkelt vedtak, og at vi tek spesielt omsyn i saker der det er born i hushaldet. Vi pliktar også å kartlegge borna sine behov. Vi skal vurdere spesielt situasjonar som kan vere kostnadsbelastande, og der barna direkte kan få eit lågare tilbod, eller dårlegare tilrettelegging, i mangel på økonomiske føresetnadar i familien. Det kan mellom anna vere semesteravgift og utstyr til fritidsaktivitetar, nytt skuleutstyr, klede, friluftsutstyr og langt meir.

Trong økonomi kan marginalisere ei vanskelegstilt gruppe ytterlegare, og skape støy/hindringar som kan vanskeleggjer arbeidsfokus i samtalane våre. Difor er det fornuftig at vi i alle tilfelle vurderer kva som er eit rimeleg nivå for eit livsopphald. Dette varierer frå familie til familie. Enkelte familiar med store, og tette, barnekull, kan ha stordriftsfordel ved innkjøp av daglegvarer og gjenbruk av klede og utstyr. Andre har ikkje denne fordelen. Individuelle vurderingar vert like viktig som før  og ei vurdering av barn og unge sin situasjon skal kome fram. 

Samstundes er NAV sitt viktigaste verktøy for å få reduksjon i barnefattigdom å få fleire arbeidsgivande inntekt. I dei aller fleste tilfella er det arbeid som gir god økonomi, betre helse og inkludering i samfunnet. Difor er det avgjerande i det sosialfaglege arbeid at vi gir tett arbeidsretta oppfølging til mottakarar av sosiale tenester i NAV. Det er med dette som bakgrunn at vi mellom anna har tiltak i eigen regi, supported empoyment.

Dersom NAV skal halde utanfor barnetrygd i dei økonomiske berekningane, vil det kunne gi eit upresist bilde av den totale inntektssituasjonen i familien. Ved å halde barnetrygd utanom vurderingane får familiane ein betre økonomisk situasjon, men vi har liten moglegheit til å sikre oss at dei ekstra midlane kjem borna til gode. Det kan vi ha større påverknad over dersom vi held fram med gode, individuelle vurderingar, der barns beste vert hensyntatt.

Å halde barnetrygda utanom, vil også kunne føre til at fleire som elles ikkje har rett på sosialhjelp vert klientar, og det kan argumenterast for at dette i visse høve kan føre til lågare motivasjon til å komme i arbeidsretta aktivitet.

Estimat for kostnad per år for å halde barnetrygd utanom den økonomiske berekninga ved utbetalingar av sosialhjelp:

Det er eit stort arbeid å kome fram til heilt eksakte tal då vi måtte ha gått igjennom alle saker knytt til barnefamiliar og berekna kvar enkelt sak på nytt for å finne ut kva utbetalinga ville ha vorte dersom vi held barnetrygda utanom. Vi har tatt nokre utvalde månader og berekna eit gjennomsnitt som gir ein peikepinn på årleg kostnad. Når vi tek utgangspunkt i 3 utvalde månader (vår, sommar, haust) og bereknar eit månadsgjennomsnitt, får vi ein årleg kostnad på omlag kr 315 000.  Dette kan sjølvsagt svinge frå år til år og vi vil tru at det kan variere slik at ein må ta høgde for at det også kan nærme seg  ein halv million kroner.

Det er 15 flyktningfamilier og 51 andre familier. Totalt 66 familier, men det er ikkje kvalitetssikra i høve til om alle har hatt utbetaling til formål der barnetrygda er tatt med i beregninga. Vi har ikkje sjekka kvar enkelt sak av dei 51. Då eg sjekka dei aktuelle mnd såg eg at nokre saker ikkje har hatt utbetaling i år, nokre er tannbehandling eller flytting der medrekning av barnetrygda ikkje ville hatt stor betydning.

3. Vi ser i media  at kommunar som legg til rette for nyetableringar av oppdrett får ekstra stønadar. Bl.anna ser vi at Vega kommune får 6,7 millionar ekstra. Kva er framdrifta inn mot avklaringar og vedtak som evt. kan gi aktivitet og inntekter til oss? Det er under eitt år til neste gong det blir delt ut slike midlar.

Sidan det per dags dato er bygge- og deleforbod på alle områder avsett til akvakultur i gjeldande kommuneplan, er det den interkommunale kystsoneplanen som vil kunne legge til rette for nyetableringar av akvakultur. Denne er som kjent handsama politisk i Hareid kommune, og klar for offentleg ettersyn. Dessverre er ikkje alle samarbeidskommunane ferdig med politisk handsaming av planforslaget, vi ventar difor på siste rest før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn i fellesskap. Etter offentleg ettersyn er det berre slutthandsaming av planen som står igjen.

 

4. Media har belyst utfordringane som langtidssjuke av korona har i heimkommunane sine med å finne svar på korleis dei kan få vidare  god oppfølging og rehabilitering etter endt sjukehusopphald. Lite eller ingen informasjon og lite svar når ein henvender seg til kommunen er gjennomgåande for svært mange. Kva er vår informasjon her? Kva tilbod kan vi gi og korleis jobbar vi for denne nye pasientgruppa?

SVAR: Kommunalsjefen opplyser at det har vore lite spørsmål om dette i vår kommune. Dette er noko som vert handert gjennom fastlegen på lik linje med dei fleste andre diagnoser.

 

5. 3.kvartalrsrapport er komen og det ser ikkje så positivit ut som i 2.kvartal. Eg vil gjerne få ei vurdering  av risiko for Robek om vi leverar eit årsresultat på linje med i fjor?

Eit resultat på linje med fjoråret, dvs 8 mill i meirforbruk vil gi eit udekka meirforbruk på ca 4-5 millionar etter bruk av disposisjonsfondet på 3,6 mill.

Etter kommunelova må inndekning skje over maks to år, dvs 2022 og 2023.

Då må der då opp ei sak om budsjettendring i juni 2022 med inndekking av deler av beløpet, og resten må inn i budsjettet for 2023.

Om rekneskapen for 2023 viser at vi ikkje har klart å dekkje det inn så er vi på Robek.

(Forsidefoto: Kjell Jøran Hansen - Lenke til CC-lisens til bilete)