Slik blei budsjettet handsama og slik blei det endelege budsjettet

I kommunestyret 11. desember vedtok dei folkevalde budsjettet for neste år. Det blei eit langt møte med mange forslag og mykje debatt og diskusjon.

Her får de ein gjennomgang av forslaga, kven som føreslo dei og kven som røysta for/mot.

Sendingane

Sending I frå kommunestyret 11. desember

 

Sending II frå kommunestyret 11. desember

 

Budsjettvedtaket

Fyrst det budsjettvedtaket. Dette framlegget blei føreslått av Folkelista og Frp og fekk røystene frå desse partia – til saman 14 og blei dermed vedteke.

Sidan Hareid kommune er på Robek-lista, må budsjettet godkjennast av statsforvaltaren før det blir endeleg.

 

Kommunestyret vedtek innstillinga med følgjande endringar under NYE TILTAK – INNSPARINGAR, og under REVERSERTE TILTAK – KOSTNAD (UTGIFTER), i tillegg tilverbalframlegg 1, 2 og 3.

 

NYE TILTAK – INNSPARINGAR

SEKTOR FOR LÆRING OG KULTUR

 Innsparingar i Sektor for læring og kultur 
1Ressurssenter. Reduksjon årsverk1 254 900
2Inntekt. Ressurssenter300 000
 Total innsparing Læring og kultur1 554 900
3Auke i integreringstilskot (Tilskot går til finans)815 100

 

Punkt 1 

Redusere ressursinnsatsen i Sektor for læring og kultur med NOK 1 554 900.  Endringa omfattar kutt i løn ved eininga Ressurssenter, og kommunestyret legg til grunn av dette vert handsama i omstillingsprosjektet fase 1 og 2.

 

Punkt 2

Endringa handlar også om å auke inntektene ved Ressurssenteret slik at ein sikrar ei effektiv drift som balanserer inntekter og utgifter i sektoren.

 

Punkt 3

Ein kan auke i integreringstilskot slik at det samsvarar med busetjingsvedtaket. Desse tilskota er ført direkte på finans.

 

SEKTOR FOR VELFERD

 Innsparing i Sektor for velferd  
4Intensivere omstillingsprosjekta fase 1 og 22 430 000
 Total innsparing, Velferd2 430 000

 

Punkt 4

Redusere ressursinnsatsen i Sektor for Velferd med NOK 2 430 000.  Kommunedirektøren får i oppdrag å finne innsparingspunkt.  Det vesentlege av denne reduksjonen må takast på lønsområdet og kommunestyret legg til grunn at dette vert handsama i omstillingsprosjektet fase 1 og fase 2.

 

TIDLEGARE SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

 Tidlegare Sektor for samfunnsutvikling 
5Intensivere omstillingsprosjekta fase 1 og 21 850 000
6Hareid mottak. Reduserte kostnader500 000
 Total innsparing, Samfunn2 350 000

 

Punkt 5

Reduksjon i ressursinnsatsen i sektoren med NOK 1 850 000. Kommunedirektøren får i oppdrag å finne innsparingspunkt. Det vesentlege av dette kuttet må takast på lønsområdet og kommunestyret legg til grunn at dette vert handsama i omstillingsprosjektet fase 1 og fase 2.

 

Punkt 6

Hareid mottakssenter reduserer driftskostnadane med NOK 500 000. 

  

SENTRALADMINISTRASJON

 Sentraladministrasjon 
7Kjøp av sentrale tenester/effektivisering500 000
8Reduksjon av honorara til politiske representantar150 000
 Total innsparing i sentraladministrasjonen650 000

 

Punkt 7

Redusere ressursinnsatsen i sentraladministrasjonen med NOK 500 000 gjennom utvida kjøp av tenester eller samarbeid med andre kommunar.  Kommunedirektøren får i oppdrag å finne innkjøps- eller samarbeidsområde og legge fram ei sak om dette til kommunestyret. Det leggast til grunn at dette vert handsama i omstillingsprosjektet fase 1 og fase 2.

 

Punkt 8

Verbalframlegg 1: Kommunestyret ber administrasjonen legge fram ei sak om endring av forskrifta som gjeld godtgjerslene til politiske representantar slik at ein kan kutte minst 150 000 kroner totalt i møtegodtgjerslene til medlemmer i kommunestyret, formannskap og utval.

  

RAMMEOVERFØRING

9St.prop. 1 går til å dekkja manglande skjønnsmidlar3 200 000
   
 TOTAL INNSPARING/EFFEKTIVISERING/INNTEKT TIL BRUK11 000 000

 

Punkt 9

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bidrege med skjønnsmidlar til omstilling. No varslar statsforvaltaren at desse midlane ikkje kan nyttast som driftsmiddel. I framlegget frå kommunedirektøren var desse midlane lagde inn i drifta, so no lyt dei takast ut att. Dermed vert dette ei utgift som må dekkjast gjennom rammeoverføringar frå staten. Det er venta ein auke på NOK 3 200 000 i auka rammeoverføring, så minst NOK 2 500 000 av dette må gå inn i dette tiltaket.

Ein står att med 200 000 unytta kroner som går til nedbetaling av tidlegare års meirforbruk. 
 

REVERSERTE TILTAK – KOSTNAD (UTGIFTER)

Unngå nedlegging av skule. Tilføre sektoren kr:3 000 000
Dagsenter. Oppretthalde dette viktige tilbodet795 000
Eigedomsskatt. Unngå auke i e-skatten ved å tilføre kr:4 000 000
  
Barn og unge. Kultur. Næring. 
Mat ungdomsklubben70 000
Barnefestivalen + div.90 000
Ungdomsrådet20 000
Hareidstemna + Vonheim120 000
Driftskapital 8017 Bustad- og næring135 000
Totalt: Barn og unge. Kultur. Næring.435 000
  
Til å dekkja skjønnsmidlane frå Statsforvaltaren2 500 000
Kostnadsauke kontrollutvalsarbeid70 000
  
TOTAL KOSTNADSAUKE 10 800 000
Balanse200 000

 

Merk.: Overskot går til å dekkja tidlegare års meirforbruk

Verbalframlegg 2: 

  • Kommunestyret i Hareid går ikkje inn for nedlegging av skular. 
  • Ein ønskjer å oppretthalde dagsentertilbodet for eldre. 
  • Det er heller ikkje ønske om å auke eigedomskatten. 
  • Ein opprettheld eit minimumstilbod til barn og unge som eit forebyggande tiltak gjennom fritidsklubben og kulturtilbod. Kutta til ungdomsrådet, Hareidsstemna, Vonheim og bustads- og næringsutvikling er reverserte.

Desse tiltaka skal oppretthalde strategien om at Hareid skal vere ei kommune som gjer sitt beste for auka bu-, bygge- og investeringslyst. Auke i innbyggartalet gjev tiltrengt arbeidskraft for å dekkja behovet i næringsliv og kommunen. På sikt dette eit viktig ledd i å betre inntektene til kommunen. Hareid kommune held fram arbeidet med omorganisering og effektivisering av drifta for å redusere utgiftene, handtere ei høg lånegjeld og sikre dei investeringane som vi har gjennomført.

  

Verbalframlegg 3:

Kommunestyret ber kommunedirektøren trappe opp gjennomføringa av omstillingsprosjekta (fase 1 og 2) med mål om å realisere ytterlegare, ikkje-budsjetterte effektiviseringsgevinstar og moglege kostnadsreduksjonar.

Omstillingsprosjekta skal sikre medverknad ved at brukarar, tilsette og politikarar tek del, og ein legg opp til jamlege orienteringssaker i utval og KST.

 

 

Dei andre forslaga 

Industri og næringspartiet, Høgre og Arbeidarpartiet fremja eit felles budsjettframlegg:

 

NYE TILTAK – INNTEKTER / INNSPARINGAR

FINANS

 Inntekt i Sektor Finans 
1Auka rammeoverføringar St.prop. 13 200 000
2Auke Eigedomskatt4 000 000
   
 Totalt i Sektor for finans7 200 000

 

Punkt 1

Auka rammeoverføringar ref. St.prop. 1, einigheit om statsbudsjettet.

 

Punkt 2

Auke eigedomskatten til 4 promille.

Sjå verbalforslag og forklaring i innleiinga.

 

SEKTOR FOR SENTRALADMINISTRASJON

 Sentraladministrasjon 
3Mat ungdomsklubben70 000
4Barnefestivalen50 000
5Kultur diverse innsparingar30 000
6Reduksjon av honorar til politisk repr.300 000
   
 Total innsparing i sentraladministrasjonen450 000

 

Punkt 3

Positivt tiltak, men vi prioritera midlane til velferd og læring , sjå punkt 13-19.

 

Punkt 4

Positivt tiltak, men vi prioritera midlane til velferd og læring , sjå punkt 13-19.

 

Punkt 5

Positivt tiltak, men vi prioritera midlane til velferd og læring , sjå punkt 13-19.

 

Punkt 6

Positivt tiltak, men vi prioritera midlane til velferd og læring , sjå punkt 13-19. Sjå også verbalforslag nr.

 

TOTAL INNSPARING/ INNTEKT TIL BRUK       7 650 000

 

 

 

REVERSERTE/NYE TILTAK – KOSTNAD (UTGIFTER)

Læring og kultur 
 
7Ressurssenter. Tre årsverk vaksenoppl./intro 1 105 000
8Hareid skule. Avlasting gjennom flytting av elevar 200 000
9Eigne klasser for framandspråklege inntil gitt nivå 500 000
 Totalt Læring og kultur1 805 000
 
Velferd  
 
10Intensivere omstillingsprosjekta fase 1 og 2 1 930 000
11Modernisere turnusord. tilpasse vakter for å unngå overtid 500 000
 Totalt Velferd2 430 000
 
Tidlegare samfunnsutvikling 
 
12Hareid mottak. Auka inntekter utan auke stillingar 500 000  
 Totalt Tidlegare samfunnsutvikling500 000
 
Velferd (nye tiltak - kostnad)
   
13Blærescanner   100 000 
14Oksygenkonsentrator  50 000 
15Tiltak helsestasjon 20 000 
16Platetopp med fire store plater 95 000 
 Totalt Velferd265 000
 
Læring og kultur  (nye tiltak - kostnad)
   
17Lærebøker100 000
18Nye kvitevarer skolekjøkken25 000
19Datautstyr25 000
 Totalt Læring og kultur 150 000
 
Finans
20Reduksjon skjønnsmidlar etter krav frå Statsforvaltar 2 500 000 
 Totalt Finans 2 500 000
 
 Total kostnadsauke  7 650 000 

 

Punkt 7 

Reverserer delar av tiltaket .Kommunaldirektøren tilpassar bemanning etter driftsnivå.

Punkt 8

Uaktuelt.

Punkt 9

Ikkje gjennomførbart.

Punkt 10 -11

Reverserer heile tiltaket.Blir jobba med. For å sikre måloppnåing og langsiktig effekt, må omstillingsprosessane få nødvendig tid til å verke før nye tiltak blir vurderte. Dette gir eit solid grunnlag for avgjerder basert på dokumenterte resultat og reduserer risikoen for unødvendige endringar.

Punkt 12

Ikkje gjennomførbart.

Beskriving av tiltak til punkt 13 – 19 er henta frå Handlings-og økonomiplan 2026-2029 og beskriver kvifor vi velge og prioriterer desse tiltaka. 

Punkt 13

Behov for ny blæreskannar. Den som sjukeheimen har i dag er frå 2012. Det er vanskeleg å få nye delar til den og reparasjonar på slikt utstyr er vanskeleg. Ein blæreskanner måler resturin for personar som ikkje greier å tømme urinblæra på ein normal måte. Ein kan da måle resturinen for å kateterisering ut resturinen. Dette er viktig for å unngå infeksjonar og unødig bruk av antibiotika.

Punkt 14

Sektor for velferd sine oksygenkonsentratorar har passert levetida si. Ved kontroll så viser det seg at nokon av dei, kan vi ikkje kan stole 100% på kor mykje oksygen dei gir. I 2026 har vi behov for å bytte ut 4 stk og 2027 har vi behov for å bytte ut 2 stk. Prisen for ein oksygenkonsentrator er ca 15- 20 tusen. Konsekvens av å ikkje ha slikt utstyr, er at pasientar som er avhengig av oksygen kan dø.

 

 

Punkt 15

Helsestasjonen har behov for å kjøpe inn nye brystpumper ettersom dei gamle brystpumpene er udatert og ein ikkje får kjøpt inn reservedeler til dei.Helsestasjonen brukar å kartlegge born med kartleggingsskjema ASQ og ASQ-SE Dette er skjema som er anbefalt å nytte på premature born i førskulealder. I tillegg vert vi innimellom bede om å nytte desse skjemaene frå BUP  for å gjere kartlegginga av born når vi skal vurdere evt. henvisning til BUP. Digitalt kartleggingsskjema har ein  kostnad.

 

Punkt 16

Må ha ny platetopp om dei siste to platene sluttar å fungere. To av platene er allereie defekt og reparatør seier det ikkje er hensiktsmessig å reparere då ornen er 23 år. Dersom resten av platene sluttar å virke må vi ha ny for å kunne gjennomføre drifta.

 

Punkt 17

Det er behov for å styrke tilgangen til lærebøker ved eininga, spesielt grunna utfordringar knytt til språkopplæring og manglande digitale ressursar. Elevgruppa har eit samansett behov, og fleire har ikkje tilstrekkeleg tilgang til digitale einingar som kan kompensere for manglande lærebøker. Dette går særleg utover elevar med behov for tilrettelagt språkopplæring.

Lovgrunnlag:

Ifølgje opplæringslova § 15-6 skal kommunen sørgje for at elevane har tilgang til nødvendige læremiddel, inkludert lærebøker, som er i samsvar med læreplanverket. Læremidla skal vere tilgjengelege på både bokmål og nynorsk, og vere pedagogisk og didaktisk eigna. Kommunen har ansvar for at læremidla er universelt utforma og tilpassa elevane sine føresetnader.

Lærebøker er ein grunnleggjande ressurs i opplæringa. Dei gir struktur, fagleg innhald og støtte til både lærarar og elevar. For elevar med språkutfordringar er lærebøker særleg viktige for å utvikle språkforståing og fagleg tryggleik. Manglande tilgang kan føre til faglege etterslep og svekka meistringskjensle.

Konsekvensar ved gjennomføring:

Elevane får betre føresetnader for læring og språkutvikling.
Skulen oppfyller lovpålagde krav i opplæringslova § 15-6.
Lærarane får betre arbeidsvilkår og kan bruke meir tid på pedagogisk arbeid.
Meistring og motivasjon aukar blant elevane.

Konsekvensar ved manglande gjennomføring:

Skulen risikerer å bryte opplæringslova.
Elevane med særskilte behov får ikkje tilstrekkeleg tilrettelegging.
Ulikskapar i læringsutbytte aukar.
Lærarane må bruke tid på å lage eller kopiere materiale, noko som går utover kvaliteten på undervisninga.

 

Punkt 18

Skulekjøkenet har behov for utskifting av kvitevarer grunna alder, slitasje og redusert funksjonalitet. Dagens utstyr er ikkje tilstrekkeleg for å møte krav til trygg matlaging, effektiv undervisning og energibruk. I tillegg er det behov for å sikre at elevane får opplæring i bruk av moderne og relevante kjøkenløysingar.

Det er ikkje direkte lovpålagt å ha moderne kvitevarer, men skulen har plikt til å sikre trygg matlaging og forsvarleg undervisning i samsvar med krav i opplæringslova, forskrift om miljørettet helsevern i skular og barnehagar, og arbeidsmiljølova. Dette inneber at utstyr må vere funksjonelt, trygt og eigna til undervisningsformål. Dersom utstyret er slitt og ikkje fungerer tilfredsstillande, kan det vere i strid med desse krava.

Tiltaket er viktig for å:

  • Sikre trygg og hygienisk matlaging for elevar og tilsette.
  • Oppfylle krav til forsvarleg undervisning i mat og helse.
  • Gi elevane opplæring i bruk av moderne og relevante kjøkenløysingar som reflekterer dagens standard i heim og arbeidsliv.
  • Fremje energieffektivitet og redusere driftskostnader ved å erstatte gamle og energikrevjande kvitevarer.

Konsekvensar dersom tiltaket blir gjennomført:

  • Skulen får eit tryggare og meir funksjonelt læringsmiljø.
  • Elevane får opplæring i moderne kjøkenutstyr som er relevant for framtidig bruk.
  • Redusert risiko for tekniske feil, ulykker og brann.
  • Potensiell innsparing på straum og vedlikehald.
  • Auka trivsel og motivasjon blant elevar og lærarar

Konsekvensar dersom tiltaket ikkje blir gjennomført:

Risiko for brot på krav til tryggleik og hygiene.
Undervisninga kan bli mindre relevant og ineffektiv.
Auka fare for tekniske feil og ulykker.
Høgare energibruk og driftskostnader.
Skulen kan få negativt omdømme og redusert tillit frå foreldre og lokalsamfunn.

 

Punkt 19

Fleire pedagogiske leiarar som må ha nye datamaskiner. Pga alder på maskinene vert ikkje desse oppgradert, og kan ikkje brukast. Dette er noko spedleiarane må ha tilgang til.

 

Punkt 20

Reduksjon av budsjettert inntekt skjønnsmidlar etter krav frå Statsforvaltar.

 

Læring og kultur
    
FerievikarNytt tiltak33 
FerivikarNytt tiltak38 
Gjeld kjøp av tenester frå private, tilleggsbudsjettering i høve 2025-tal.Nytt tiltak600 
Kjøp frå andre kommunerNytt tiltak170 
Manglande korrigering av auka straumprisNytt tiltak60 
SjukevikarNytt tiltak163 
SjukevikarNytt tiltak141 
StraumNytt tiltak50 
StraumNytt tiltak180 
Straum kostnadNytt tiltak40 
Straum/elektrisk kraftNytt tiltak50 
Tilleggsbudsjettering på straum, då det er budsjettert for lågt i høve til forbruk.Nytt tiltak153 
Tilleggsbudsjettering skuleskyssNytt tiltak362 
Underbudsjettert mtp auka konstnadar internettNytt tiltak13 
Underbudsjetterte kostnadar til andre kommunerNytt tiltak350 
Underbudsjetterte kostnadar vedr tenester til privateNytt tiltak15 
Urealistisk budsjettering mtp auka matvareprisarNytt tiltak30 
Utgifter til andre kommunarNytt tiltak1 000 
VikarNytt tiltak150 
VikarNytt tiltak150 
    
Totalt Læring og kultur 3748 
 
Velferd    
    
Auka budsjettbehov for kjøp av tenester frå private aktørarNytt tiltak240 
11800 Straum kostnadarNytt tiltak800 
Auka forbruk av budsjett for medisinsk forbruksmateriellNytt tiltak160 
Auke i budsjettet for kontoane 11950 og 11952Nytt tiltak1 200 
Endring av tiltak, tiltaksid: 163961Nytt tiltak1 533 
Journalsystem ansvarlegNytt tiltak400 
    
Totalt Velferd 4333 
 
Sentraladministrasjonen   
    
House of ControlNytt tiltak108 
    
Totalt Sentraladministrasjonen 108 
 

Forslaget fekk seks røyster (H, Ap, og INP) og blei ikkje vedteke. 

 

 

 

Annika Brandal, Venstre, fremja kommunedirektøren sitt budsjett med følgande endringar:

Tiltak/beløp - tal i heile tusen

  • Skulestruktur: 3200
  • Dagsenter for eldre: 795
  • Kultur (mat til ungdomsklubben, festival): 150
  • Auka rammeoverføring (St.prop 1): - 3200
  • Omstillingsprosjekt samfunnsutvikling: -795
  • Reduksjon av møtegodtgjersle: -150

 

Forslaget fekk ei røyst (V) og blei ikkje vedteke.

Verbalforslaga et blei røysta over

Eit verbalforslag er eit forslag om til dømes om å utgreie noko, eller leggje føringar for arbeidet med neste budsjett (2027). Her er ei liste over alle verbalframlegga det blei røysta separat over:

 

1 Digihjelp – frå Venstre – blei gjort om til oversendingsframlegg og samrøystes vedteke

Kommunestyret ber administrasjonen utarbeide eit forslag til eit lågterskel prosjekt for å styrke den digitale kompetansen blant eldre i Hareid kommune. Prosjektet må utviklast med bruk av eigne ressursar og i tett samarbeid med frivillige aktørar som Frivilligsentralen, ungdomsklubben, biblioteket og andre relevante miljø.

 

2 Tussa – frå INP – fekk seks røyster (INP, Ap og Høgre) og blei ikkje vedteke

 

Verbalforslag:

 

Kommunestyret ber kommunedirektøren utrede muligheten for salg av kommunens aksjer i Tussa. Utredningen skal omfatte:

  1. Innhenting av en reell og oppdatert verdivurdering av aksjene.
  2. Kartlegging av potensielle interessenter for kjøp.
  3. Vurdering av alternative plasseringer av frigjort kapital med sikte på å øke avkastningen på kommunens midler.
  4. Vurdering av bruk av frigjort kapital til nedbetaling av kommunens gjeld.

Utredningen legges fram for kommunestyret seinest på rammekonferansen 4 juni 2026 med anbefalinger før endelig beslutning om salg.

 

3 Endringer i forskrift om godtgjørelse til folkevalgte frå INP – fekk seks røyster (INP, Ap og Høgre) og blei ikkje vedteke

Verbalforslag:

Kommunestyret ber kommunedirektøren utrede endringer i forskrift om godtgjørelse til folkevalgte. Utredningen skal omfatte:

  1. Vurdering av reduksjon i godtgjørelse for alle folkevalgte, ikke bare vanlige medlemmer.
  2. Gjennomgang av godtgjørelse til ledere i fagutvalg, der det også vurderes om dagens ordning med årlig godtgjørelse i tillegg til ordinær møtegodtgjørelse bør erstattes med en ordning der leder får dobbel møtegodtgjørelse, slik praksis er i RFU og Eldrerådet.
  3. Legge til grunn at ordfører og varaordfører får tilsvarende reduksjon som øvrige folkevalgte.
  4. Utarbeide forslag til forskriftsendring basert på utredningen.

Utredningen legges fram for kommunestyret senest på rammekonferansen 4. juni 2026 med anbefalinger før endelig vedtak.

 

 

 

5 Økt åpenhet i det politiske arbeidet frå INP – fekk sju røyster (INP, Ap, Høgre og Venstre) og blei ikkje vedteke

 

Verbalforslag:

Kommunestyret ber kommunedirektøren legge til rette for økt åpenhet i det politiske arbeidet ved å starte direkte overføring (streaming) av møtene i NMU og LKU.

Tiltaket skal bidra til:

  • Større innsyn og transparens for innbyggere i kommunens politiske prosesser.
  • Bedre mulighet for offentligheten til å følge fagutvalgenes arbeid og prioriteringer.

Gjennomføringen medfører ingen vesentlige kostnader utover intern opplæring, da eksisterende tekniske løsninger kan benyttes. Administrasjonen bes sørge for at ordningen etableres så snart som praktisk mulig.

 

 

7 Bustadsplan for eldre fekk sju røyster (INP, Ap, Høgre og Venstre) og blei ikkje vedteke

 

Verbalforslag:

Kommunestyret ber om at arbeidet med Bustadsplan for eldre blir prioritert, med bakgrunn i den endra demografien og den aukande delen eldre i kommunen. Det er behov for å planleggje nye bustader i sentrumsområdet for å sikre gode tenester og tilrettelegging i ei tid der stadig fleire bur lenger heime. Bustadsplanen skal leggjast fram for kommunestyret seinast til møtet i september.

 

8 Endringar i eigedomsskatt, frå INP fekk sju røyster (INP, Ap, Høgre og Venstre) og blei ikkje vedteke

 

Verbalforslag:

Kommunestyret ber om følgjande:

  1. Frå og med budsjettet for 2027 skal det innførast eit botnfrådrag på eigedomsskatten.
  2. Botnfrådraget skal aukast årleg slik at eigedomsskatten gradvis blir avvikla samstundes som kommunen kjem ut av Robek.
  3. Kommunen skal gi innbyggjarar med låg inntekt, inkludert familiar som er definerte som låginntektsfamiliar, moglegheit til fritak for betaling av eigedomsskatt. Det skal derfor utarbeidast retningsliner for søknad om fritak etter § 28 i eigedomsskattelova.
  4. Kommunestyret ber kommunedirektøren innarbeide desse endringane i eigedomsskatten i tiltaksplanen som viser vegen ut av Robek, og i framtidige budsjettforslag.

 

9 Hareid sauna frå INP,  fekk fire røyster (INP, Ap) og blei ikkje vedteke

 

Verbal forslag :

Kommunestyret ber om at kommunedirektøren legg fram ei sak om å innføre ei ordning der personar og familiar med låg inntekt kan få tildelt timar på den kommunale saunaen. Tiltaket skal sikre at alle innbyggjarar får moglegheit til å nytte dette positive tilbodet.

Ordninga kan til dømes  organiserast gjennom BUA, slik at den blir enkel å administrere og tilgjengeleg for dei som treng det mest. Kommunestyret ber om at saka blir utgreidd og lagt fram for politisk behandling med forslag til praktisk gjennomføring og kriterium for tildeling seinast innan april 2026.

 

10 Gratis pendlarparkering for innbyggjarar i Hareid kommune frå INP, fell tre røyster (INP og Svarstad (Ap)) og blei ikkje vedteke.

 

Verbalforslag:

Kommunestyret ber om følgjande:

Kommunestyret ber om at kommunedirektøren legg fram ei sak om å etablere ei ordning for gratis pendlarparkering i Hareid sentrum, reservert for innbyggjarar i Hareid kommune. Ordninga skal i første omgang gjelde dei som bur i krinsane og er avhengige av bil for å komme seg til sentrum for vidare reise med hurtigbåt eller buss.

Kommunedirektøren skal utrede:

  • Lokalisering og kapasitet for pendlarparkering i sentrum.
  • Modell for ordninga, med utgangspunkt i Rauma kommune si løysing, men også vurdere andre praktiske alternativ.
  • Kriterium for bruk, inkludert dokumentasjon på pendling og innbyggjarstatus.
  • Finansiering og drift, med mål om å sikre kostnadsfri tilgang for innbyggjarane.

Tiltaket skal bidra til å redusere pendlarane sine kostnader, styrke Hareid som bustadkommune og gjere det enklare å kombinere bil og kollektivtransport.

 

11 Løpande rapportering tilrettelegginga for næringslivet frå INP, fekk sju røyster (INP, Ap, Høgre og Venstre) og blei ikkje vedteke

 

Verbal forslag 

Kommunestyret ber om følgjande:

Næringsutvikling er høgt prioritert i Hareid kommune, og kommunestyret ser dette som ein nøkkelfaktor for å betre den økonomiske situasjonen i kommunen. For å styrke oppfølginga mellom politisk nivå og administrasjonen, ber kommunestyret om at det blir etablert faste rutinar for løpande rapportering til formannskapet.

Kommunedirektøren skal:

  • Halde formannskapet løpande orientert om framdrift og arbeid i Næringsgruppa og Reiselivsgruppa.
  • Legge inn orienteringar frå begge gruppene som fast post i formannskapsmøta, med første gjennomgang i møtet i Januar 2026.

Tiltaket skal bidra til kontinuerleg politisk oppfølging og sikre at kommunen fortsatt blir proaktiv i tilrettelegginga for næringslivet.

 

 

 

 

12 Sal av eigendomar frå Høgre, fekk sju røyster (INP, Ap, Høgre og Venstre) og blei ikkje vedteke

 

Verbalforslag:

Kommunestyret ber Hareid kommune prioritere å få seld unna eigendomar og eigendelar- som bygningar, tomter, køyretøy, maskinar og anna utstyr som ikkje lenger er aktiv i bruk – og at inntektene frå desse salga skal setjast av på eit investeringsfond.

 

13 Havbruk frå Høgre, fekk seks røyster (INP, Ap, Høgre) og blei ikkje vedteke

 

Verbalforslag:

Kommunestyret ber Kommunedirektøren legge til rette for tre havbrukskonsesjonar i Hareid kommune.

 

14 Den politiske strukturen i Hareid Kommune, frå Høgre, fekk seks røyster (INP, Ap, Høgre) og blei ikkje vedteke

 

Verbalforslag:

Kommunestyret ber Kommunedirektøren vurdere den politiske strukturen i Hareid kommune.