Erlend Friestad
Jakttid
Jakttida på hjort er 01.09 – 23.12.
Skadeskyting og ettersøk
Det er krav om at alle jegerar/jaktlag skal ha skriftleg avtale om tilgang på godkjent ettersøkshund. Det er ikkje lov å jakte utan slik avtale. Ved skadeskyting av hjort eller uavklara situasjon etter påskyting av hjort, skal godkjend ettersøksekvipasje tilkallast og ettersøk gjennomførast. All jakt i jaktfeltet skal stoggast medan det pågår ettersøk. Pliktig ettersøk på eige vald er den dagen dyret vart påskote og om nødvendig ut dagen etter. Ved ettersøk som går over på anna vald, opphøyrer retten til ettersøk og felling ved utgangen av dagen den skadeskotne hjorten kom inn i valdet. Er ettersøket første dag utan resultat skal jaktrettshavar og kommunen eller politi kontaktast og informerast om situasjonen. Når pliktig ettersøk er utan resultat skal kommunen avgjere om ettersøket kan avsluttast eller om ettersøket skal halde fram. Den jeger eller jaktlag som står for skadeskytinga pliktar å delta utan vederlag ved pålagt ettersøk. Det er lov å bruke kunstig lys til ettersøk etter påskoten hjort. Men før ein tek i bruk kunstig lys har jegeren plikt til å varsle politi, jaktrettshavar og kommune om bruken.
Rapportering av sett hjort og felt hjort
Det er svært viktig at alle jaktdagar vert registrerte i hjorteviltregisteret/sett og skutt. Jaktdagar skal rapporterast anten det er sett hjort eller ikkje. I tillegg til dette skal felte dyr registrerast med rett informasjon. Rett alder, kjønn, og nøyaktig slaktevekt! I dei fleste tilfelle er det fullt mogeleg å bedømme om ein felt hjort er kalv, ungdyr (1,5 år) eller eldre (2,5 år +), om ein sjekkar kjeven/tennene. Dette bør gjerast, for å kunne rapportere med rett alder i hjorteviltregisteret.
Anna informasjon om registrering kan dykk finne her:
Hjorteviltregisteret
Fellingsrapport
Frist for levering av fellingsrapport er tysdag 06. januar 2026. Det er valdsansvarleg som skal rapportere for heile valdet. Før fellingsrapporten vert levert, må valdsansvarleg kontrollere at Landbruk alle felte dyr er registrert. Alle jaktdagar og felte dyr må godkjennast av valdsansvarleg før den elektroniske fellingsrapporten kan leverast.
Merka hjortar
Merka hjortar kan fellast. Fyll ut vedlagt skjema, og ta kontakt med kommunen so snart som råd. Øyremerke og kjeve skal takast vare på.
Kvotefri jakt på hjortekalv
Ingen vald i Hareid har søkt om/fått tildelt kvotefri jakt på kalv i 2025.
Skada eller sjuke dyr
Kontakt kommunen.
Melding til kommune
Du skal melde frå til Hareid kommune dersom
- det blir søkt etter hjort og det ikkje blir resultat etter fyrste dag
- du skal bruke kunstig lys
- du ser skada eller sjuke dyr
Send melding eller ring til: Anne Kathrine Løberg på telefon 900 34 380
Ved spørsmål bjornar.eikenes@heroy.kommune.no eller 947 94 100
Vi ynskjer alle vald god jakt med høgt og godt uttak!