Slik blir omsorgsbustadane på Pålhaugen

Pengene er løyva, så no startar opp med det neste store prosjektet i kommunen: omsorgsbustadane på Pålhaugen.

Skisse som viser eksteriør til omsorgsbustadane. - Klikk for stort bilete Skjermdump arkitektskisse

Prosjektet består av eit leilegheitsbygg med 13 leilegheiter for brukarar med særskilte behov og tett oppfølging. I tillegg har vi 8 leilegheiter i frittståande bygg for brukarar med behov for tilsyn, men som kan klare seg sjølv i det daglege. Det skal og byggast ny avlastningsbustad i tilknyting til desse leilegheitsbygga for å samle drifta i eining for bu og habilitering i kommunen.

Pålhaugen ligg sentralt plassert på Hareid og har kort avstand til alle tilbod i kommunen. Som for eksempel butikkar, idrettsanlegg, skule og legetenester. Det er og kort avstand til kommunens dagtilbod som ligg i Kjøpmannsgata ein liten rusletur frå Pålhaugen.

 

Heim - ikkje institusjon

Bileta som ligg i karusellen nedst, viser korleis bygga og området rundt er tenkt utforma med gangveg rundt heile området og skjerma uteområde. Bygga er utforma slik at dette skal opplevast som ein heim for brukarane og ikkje som ein institusjon. Alle leilegheitene bortsett frå ei har inngangsdør frå det fri for å styrke kjensla av at ein har sin eigen heim.

Hovudhuset har og fasilitetar for tilsette, med kontor, møterom, pause- kvilerom og garderobar. Dette er og tilrettelagt for i avlastingsbustaden så tilsette slepp å gå mellom husa for å ta seg ei pause.

 

Jul 2025?

I kommunestyretmøtet i desember løyva kommunestyret 20 millionar til prosjektet i 2024. I økonomiplanen ligg det også inne 60 millionar i 2025 og 70 i 2026. No held vi på å planlegge prosjektet. Vi ser føre oss ein entreprisekonkurranse blir utført i løpet av sommaren. Håpet er å få starta bygging før nyttår 2024. Byggetid vil vere mellom 12 og 18 månader, og at bygga kan takast i bruk før jul 2025. Dette er usikre tidspunkt.