Erlend Friestad
Vinterdrifta i Hareid kommune omfattar blant anna brøyting, snørydding og strøing. Det er eksterne som står for drifta på alle dei sju rodene.
Når brøyter og strør vi?
Beredskapssesongen for brøytemannskapa startar opp 15. november. Dei ska rykke ut når snødjupna blir om lag 10 centimeter. Ved snøfall om natta skal alle vegar og parkeringsplassar normalt vere ferdig brøyta innan kl 07:00 om morgonen, i minimum 1 bredde (mellombels). Brøyting av gangvegar, sykkelvegar og fortau skal skje direkte etterpå. Men det er viktig å hugse at brøytemannskapet ikkje kan vere fleire stadar på same roda samtidig, dersom det snør mykje.
Strøing skal vanlegvis utførast som «punktstrøing» der det vert strødd på vanskelege punkt som i bratte bakkar, skarpe kurver, kryssområde og ved fotgjengarfelt.
Når må du flytte bilen?
Ved snøfall må du flytte parkert bil vekk frå kommunal veg, slik at brøytemannskapet får gjort ein best mogleg jobb.
I Hareid kommune har vi mange smale vegar, der parkerte bilar og tilhengarar langs vegen kan hindre god brøyting. Unngå difor å parkere utanfor din eigedom på kommunal veg.
Hugs at for at sjukebil og brannbil skal kome seg fram må vegen vere fri for hinder slik at brøytemannskapet kan brøyte vekk snøen.
Kva kan du elles gjere for å bidra til god vinterdrift?
Bossdunkar
Vi ber om at de ikkje let bossdunk stå i vegbana unødig lenge. Forkort tida som bossdunken er i vegbana ved å setje den ut same dag som henting (før 0730) og ta den inn fortast mogleg same dag som bossbilen har vore hos deg.
Buskar/hekkar langs kommunal veg
Før snøen kjem bør du klippe greiner og hekkar heng ut i vegbana utanfor di eigedomsgrense. Då er du med på å sikre god sikt langs vegen og bidreg til at vegen kan verte brøyta i si fulle breidde.
Hugs at krava om maks 50 centimeter høgd på hekkar i siktsoner, gjeld for hekk med snø på. Les meir her.
Kommunen sender ut pålegg om klipping dersom vi oppdagar hekkar/buskar som er i vegen for brøytemannskapa eller øydelegg sikt. Dersom pålegga ikkje blir gjennomførte, vil kommunen rydde på grunneigars rekning.
Ei lita grei oppsummering til slutt:
- Ver budd på føreforholda; anten du går, syklar eller køyrer.
- Parker bil og eventuell hengar vekk frå kommunal veg, slik at brøytebilane kjem fram.
- Rydd eiga innkøyring for snø.
- Ikkje måk snø frå eigen eigedom ut i vegen.
- Forkort tida som bossdunken er ved vegbana.
- Klipp greiner og hekkar som hindrar fri sikt og god brøyting.
Vi ber om forståing for at vêrforholda av og til kan gjere det vanskeleg for brøytemannskapa å innfri alle forventningar om brøyta veg så raskt som dei skulle ønske.
Merk: Hovudvegane i Hareidsdalen, gjennom Hjørungavåg og Snipsøyrdalen (vestsida av vatnet) og til Brandal er fylkesvegar, og dermed fylket som har ansvar for.
Kven har ansvaret?
- Kommunen sitt ansvar:
Vinterdrift av det kommunale vegnettet med tilhøyrande gang-/sykkelvegar vert utført av Hareid kommune ved innleigde eksterne. - Fylkeskommunen sitt ansvar:
Statens vegvesen har ansvar for vinterdrift på Hareidsvegen (fv 61), Brandalsvegen (fv 5888) og Hjørungavågvegen (fv .5886). - Privat ansvar:
Private vegar elles, skal driftast og haldast vedlike av dei som eig/brukar vegen i samsvar med Veglova paragraf 54. Brøytekantar mot private vegar og innkøyringar må vedlikehaldast (fjernast) av den enkelte eigar eller velforening. - Generelt:
- Brøytestikker er svært viktige for tryggleiken til brøytemannskapa og bilførarar generelt. Vi oppmodar om at brøytestikkene må få stå i fred.
- Vis tolmod og køyr varsamt. Vær spesielt merksam på mjuke trafikantar!
- Har du spørsmål ta kontakt med Hareid kommune.
Snø og skade på privat eigedom?
Vi vil prøve å vise omsyn til private når vi brøyter, men vi må prioritere trafikktryggleik og mogelegheita til å kome seg fram. Den nytten eigedomar som grensar til offentleg veg har av å få rydda vegen for snø, blir mellom anna sett på som større enn ulempene ved at noko av snøen hamnar på privat grunn. Derfor må eigedomar som grensar til offentleg veg, rekne med at noko av snøen som blir brøyta eller fresa hamnar inn på privat grunn.
Dersom vi har brøyta snø inn på din eigedom, ber vi om at den ikkje blir flytta ut igjen på fortauet eller ut i køyrebana. På denne måten sikrar vi tryggare og enklare tilhøve for mjuke trafikantar og bilistar.
Skade på privat eigedom
Dersom vårt vintervedlikehald er årsak til skade på privat eigedom, ber vi om at dette vert meldt skriftleg til oss:
- Gje ei kort forklaring på kva skade som har skjedd
- Tidspunktet for skaden
- Legg ved bilete som syner tydeleg kva som er skada
- Meldinga kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no