Slik gjekk det i TV-aksjonen i Hareid kommune

Takk til alle som gav, og alle frivillige som i ein eller annan form samla inn til Redd Barna.

Glade barn som sit på golvet og teiknar. - Klikk for stort bileteRedd Barna bidreg mellom anna i ein rohingya-flyktningleir i Myanmar med "barnevenlege" område. Foto: Allison Joyce/Redd Barna

Totalt samla vi inn over 404 000 kroner. Det svarer til 78,33 øre per innbyggar. Det gir oss til pallplass i fylket. Berre Smøla og Ulsteinvik var før oss. På landsbasis hamna vi på ein 75. plass.

Framleis blir det registrert gåver, så tala kan endre seg - til det betre. Her kan de følgje innsamlinga.

Tusen takk til alle som stilte opp og samla inn eller gav gjennom skuleløp, som bøssebærarar, kakeseljarar, sponsorar eller andre aktivitetar.

Det er framleis mogleg å gi. Enklast er å vippse til 2133.

Dersom du ikkje har Vipps, kan du sjå her for andre givarmoglegheiter.