Slik gjekk det med budsjettet

Eigedomsskatten blir auka med 0,5 promille. Holstad-feltet blir utsett. Parken i sentrum blir lagt på is.

Klikk for stort bileteSoloppgang hareid Erlend Friestad  

Kommunestyret vedtok budsjettet for 2020 og økonomiplanen 2020-2023 i møtet 12. desember.

Formannskapet si innstilling sitt framlegg til budsjett blei vedteke med endringane lagt fram av Folkelista for Hareid, Venstre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti.

 

Formannskapet si innstilling var lik budsjettframlegget frå rådmannen. Det kan du lese i si heilskap her.

I tillegg blei det vedteke følgande «verbalforslag»:

1. Hareid kommunestyre bed rådmannen greie ut ei sak om månadlege avdrag for eigedomsskatt og andre kommunale avgifter.

2. Sektoren for læring og kultur leverer alle lovpålagde tenester inkludert gratis leirskule. Kostnad til transport og overnatting må takast innanfor eksisterande ramme

3. Kommunestyret ønskjer at miljø- og helsefremjande tiltak med frukost på HUS skal halde fram i ei eller anna praktisk ordning. Tiltaket har fått ungdomane opp om morgonen og klare for skuledagen på ein forbilledleg måte.

4. Ny parkeringsplass ved helsehuset må inn i ramma for 2020, men vil gi liten eller ingen påverknad på drifta i 2020.

5. Det skal kablast og etablerast trådlaust internett på sjukeheimen og Hadartun i samband med tiltaket «signalanlegg på Hadartun» Dette medfører ikkje auke i kostnadane.

6. Investeringsramma og totalt budsjetert låneopptak skal overhaldst. Dersom det er mindre endringar på enkeltprosjekt kan Rådmannen vurdere flytting av midlar mellom vedtekne prosjekt. Forutsetninga er at vedtekne investeringar og vedlikehald blir gjennomførde som planlagt. Slike endringar skal rapporterast til formanskapet.

7. Framdrifta for dei vedtekne tiltak/investeringar og planlagt vedlikehald skal rapporterast i kvart formannskapsmøte.

8. Vi har mykje overtid i kommuna, for nærare 2 mill, i år. Denne blir tatt ned til maks 1 mill. Overtid skal kun brukast i kommuna framover i stillingar der det er heilt nødvendig for innbyggjarane sitt ve og vel. Ellers må jobbane gjerast innan for ordinær arbtid.

9. Vi ynskjer ytterlegare kutt i konsulenttenester, dette gjeld i heile organisasjonen og ikkje berre på samfunnsutvikling. Alle leiarstillingar er satt i systemet vårt no og intern kompetanseheving for å utføre arbeidet i saker må prioriterast godt.

10. Kommunestyret ber adminstrasjonen legge fram ei sak om etablering av kommunalt eigedomsselskap.

11. Vi ynskjer at vi snarast får opp sak på havbasert industri (oppdrett) med tanke på framtidige inntekter frå slik industri og havbruksfond, men dog plassert i områder som har minst belastning for innbyggjarane våre. Vi har lange kyststriper utan busetnad som her kan nyttast.

12. Vi ynskjer at det blir sett på konkurranseutsetting av pensjon. Austevoll kommune m.fl har spart store summar på dette, fordi dei slepp å skyte inn millionar i eigenkapital til KLP, for Austevoll kommune som er på same storleik som oss så er det snakk om i alle fall 500`i året i reduserte utgifter.

13. Høgt fokus på redusert sjukefråver og eit mål om reduksjon i den neste fireårsperioden. Den nye IA-avtalen inneber ei stor satsing på reduksjon i langtidssjukefråver og i avklaringar der det er gjentatt sjukefråver over tid, gjennom den nye ordninga som heiter Eksperthjelp – der AG kan søke om inntil 20 000 pr sak for å få avklaringar som er gode for den ansatte og AG. Der ligg 50 millionar i potten og ordninga er i gong, det er berre å søke. I tillegg er det på gong bransjeprogram for både barnehagar og pleie/omsorg i avtalen for å få sjukefråveret ytterlegare ned i desse sektorane – og her har vi potensiale. Samarbeid med Arbeidslivssentra og BHT er viktig for å lykkast her. (Færre tilsette vil også direkte gi mindre utgifter til sjukeløn). Side 46 av 54

14. Vi ynskjer ikkje kutt i drifta av Helsestasjonen og den forebyggande satsinga dei jobbar med.

 

Heile protokollen frå kommunestyremøtet 12. desember kan du lese her.