Slik jobbar vi vidare med kommuneplanens arealdel

Planavdelinga ønskjer med dette å gje ei oppdatering på status i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.

Utsnitt av plankart Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Planen har vore arbeidd med jamt og trutt, men mellom 1. gongs offentleg ettersyn i 2021 og no har det hovudsakleg vore internt arbeid. Dette er arbeid som gjerne ikkje er synleg offentleg – så vi har god forståing for at innbyggarar og andre undrar seg over kvar ein står i planarbeidet.

Her følger ei statusoppdatering:

Gjennomgong av motsegner og analyser av ulike arealformål
I tida etter offentleg ettersyn har planleggar arbeidd med å gå gjennom dei mange motsegnene til planen frå offentleg mynde. Særleg har eit av motsegna vore jobba mykje med i 2022. Møre og Romsdal fylkeskommune har motsegn til manglande samsvar mellom prognoser for vekst og avsett bustadareal i planen. For å kartlegge avsett bustadareal som ikkje er bygd ut vart det laga ei analyse, med forslag over bustadområde som kan gjerast om frå bustadformål til LNFR-områder eller andre arealformål. Denne analysen har vore gjenstand for fleire rundar med intern diskusjon, både i planavdelinga og i kommunedirektøren sitt strategiske planforum.

I etterkant av diskusjonen kring bustadanalysa i strategisk planforum, ønskja kommunedirektøren å få utarbeida analyser for arealformåla næring og offentleg- eller privat tenesteyting. Dette vart gjort og desse to analysane har også vore godt diskutert og gjennomarbeida intert i strategisk planforum. I planforumet vart det einigheit om at det var tid for å kople på politikarane, og ikkje bare arbeide internt.

Workshop og politisk avklaring
Det vart invitert til workshop 04.10.2022 for alle politikarar i Hareid kommune med verv i råd og utval. Målet for workshopen var at politikarane skulle få gjere seg kjend med arealformåla; bustad, næring og offentleg eller privat tenesteyting, samt analysane og forslaga om endring i arealformål.

Neste steg på vegen er politisk avklaring, der det skal vedtakast i formannskapet kvar i plankartet ein skal ha arealformåla, bustad, næring og offentleg- eller privat tenesteyting. Før vedtak i formannskapet skal saka innom NMU for uttale. Målet er politisk sak ved første møte etter nyttår.

Vedtak, revisjon og nytt offentleg ettersyn
Når politikarane har vedteke kva arealformål som skal inn i plankartet, startar den store revisjonen av planmaterialet, før planen skal leggast ut på 2. gongs offentleg ettersyn. Dette vert som normalt varsla på kommunen si heimeside og Facebook, samt i Vikebladet.

Kva skjer med innspel?
Heilt til slutt, lurer sikkert fleire på kva som skjer med innspelet dei sendte inn ved 1. gongs offentleg ettersyn.

Praksisen ved handsaming av innkomne innspel er at desse ikkje vert svara ut fortløpande, men at det vert vurdert i det vidare planarbeidet. Det vert utarbeida ei heilskapleg merknadsvurdering som følgjer planen dei neste stega i prosessen, og som vil ligge ved når planen vert lagt ut på 2. gongs offentleg ettersyn. 

Plankart for Hareid kommune. Hareid kommune