Slik ser det ut på Myrtunet no

Fleire har stilt spørsmål ved om Myrtunet er i god nok stand til å ta inn flyktningar. Vi forstår spørsmålet, men meiner at bygningane, med dei oppgraderingane vi har gjort, vil vere eit godt akuttmottak.

Kjøken/opphaldsrom er mala og har fått nye overflater der det trengs. Kvitevarer er på plass. Her vil det mellom anna kome spisegruppe, men vi ventar med å sette inn møblar til vi er ferdig med oppgraderinga. Erlend Friestad   

Her vil det vere gode fellesareal, gode moglegheiter for å lage mat, mykje nytt inventar og godt uteområde. Bygget oppfyller byggtekniske og branntekniske krav. Dei som bur her vil også ha tilgang til fellesareal med meir på hotellet.

Fyrst ei viktig presisering: Hareid kommune har fått akuttmottak.

Dette skil seg frå ordinære mottak der bebuarane kan bli buande over år. Dei som kjem til Hareid mottak er ukrainarar. Denne gruppa har fått sokalla kollektivt opphald. Det betyr at sjølve asylsøknaden vil gå raskt, og dei vil då berre vente på å få plass å bu ute i ein kommune. Det er forventa at ein slik prosess til saman vil ta nokre veker.

Artikkelen held fram under biletet.

Kvart rom har ei nyinnkjøpt køyeseng og madrassar. Tanken er at ei mor og barn kan bu på eitt rom. Det er 42 sengeplassar i kvar brakke. Erlend Friestad  

Slike akuttmottak var svært ønska frå sentralt hald. Hareid kommune valde derfor å søke om å få opprette, sidan vi har bygningsmasse (hotellet og Myrtunet) og erfaring frå før. Vi visste at det ville bli mykje arbeid, og særleg på Myrtunet. Tilslaget på søknaden kom raskare enn venta, og deretter skulle det gå berre éi veke før dei fyrste flyktningane skulle flytte inn.

No er heldigvis det tidspunktet utsett til i alle fall over påske. Dei fyrste flyktningane kjem til Hareid fredag 8. april, men dei blir ikkje så mange at vi må ta i bruk Myrtunet enno. Det gjer at vi kan kome endå lenger før dei fyrste bebuarane er på plass.

Røde Kors har vore på inspeksjon på hotellet og Myrtunet denne veka og har konkludert med at det ikkje er naudsynt å sende avviksrapport til UDI – noko som er ei av oppgåvene deira.

Alle spelar på lag

Kommunal eigedom har merka godt at Hareid kommune ikkje er dei einaste som opprettar akuttmottak no om dagen. Marknaden er tømt for senger, madrassar, handverkarar, reinhaldarar og mykje anna av personell og utstyr vi treng.

Vi har likevel lukkast saman med gode samarbeidspartnerar og gode rammeavtalar å komme i mål. Vi omprioriterer handverkarar på eksisterande prosjekt, og spelar på lokale tilbydarar.

Vi har også hatt god hjelp av frivillige som har stilt opp både i helg og på kvardag for å hjelpe til.

Alle spelar på lag og det er ei fryd å jobbe med dette prosjektet, er meldinga frå dei som koordinerer arbeidet.

Under følgjer ei opplisting av alt arbeidet vi har gjort, og kjem til å halde fram med. Vi har no konsentrert oss om å gjere oss ferdige med C-blokka (til høgre på området). Det er den blokka som først vil huse flyktningar.

Artikkelen held fram under biletet.

Det er kjøpt inn nye vindauger og kvitevarer. Erlend Friestad   

Myrtunet generelt:

  • Brannalarmanlegg er testa og er OK
  • Brannslukkarar er overhalt og merking er bestilt
  • Det elektriske anlegget er kontrollert. Vi har byta noko som til dømes omnar og lyskjelder
  • Uteområdet er rydda. Vi har fjerna kratt.
  • Vi har montert nytt gjerde
  • Plen vert klipt og stelt når snøen forsvinn
  • Utvendig maling av bygga vert starta opp denne veka, då rundt vindauge
  • Resterande maling av bygg vil vi ta når temperatur og vêrforhold gjer det mogleg

Artikkelen held fram etter biletet.

C-brakka vil fyrst få bebuarar. Det er den som ligg framst til høgre i biletet. A- og B-brakka vil vi helde fram å jobbe på og sette i same stand som C-brakka. Brakkene og den gamle driftsbygninga (framst i biletet) er ikkje ein del av mottaket. Erlend Friestad   

Myrtunet C-blokka:

  • Klar fredag denne veka.
  • Slitte overflater er skifta ut, slik som kjøkenbenkar med meir
  • Veggar og tak er mala
  • Nye golv der dette var naudsynt
  • Sanitærromma er pussa opp / under oppussing
  • Kjøkkeninnreiingar komplementert og restaurert
  • Skader på bygninga er reparert, slik som vindauge, dører, takrenner, låsar og så bortetter.
  • Komplimentering av inventar og kvitevarar, mellom anna nye køyesenger, madrassar av god kvalitet, gardiner, spegl og så bortetter

Artikkelen held fram etter biletet.

Vi ønsker å gjere det koseleg for dei som skal bu her. Har du trykk/måleri som kan passe, så ta kontakt! Erlend Friestad  

Myrtunet A og B – brakka:

  • Vert arbeida med fortløpande når vi har ledig personale og handverkarar
  • Nye vindauge og dører bestilt. Dei skal erstatte knuste/skada vindauge.
  • Inventar er bestilt
  • Nedvask er bestilt

Vaskerommet blir også pussa opp. Her kjem det nye vaskemaskinar. Erlend Friestad  

Hotellet

Det er også blitt arbeidd godt på hotellet. Det handlar mellom anna om endring og tilpassing av bruksområde til enkelte rom, skru opp senger/møblar og sjekk og eventuelt byte av utstyr.