Smitte stenger Hadartun og sjukeheimen for besøkande

Gjennom nyttårshelga er mange smitta av det som sannsynlegvis er noro-virus. Det store smittetrykket gjer at vi må stenge omsorgsbustadane på Hadartun og sjukeheimen for besøkande.

Erlend Friestad

Norovirus er den vanlegaste årsaka til det som på folkemunne blir kalla omgangssjuka. For personar med normalt immunforsvar, varer sjukdomen normalt 1-3 dagar. Eldre og personar med svekka immunforsvar kan få meir langvarig og alvorleg sjukdom.

Viruset er svært smittsamt og fører gjerne til utbrot der menneske er tett på kvarandre, som i institusjonar. For å handtere utbrotet har sektor for velferd sett inn ekstra bemanning i heimetenestene gjennom heile døgnet.

Å stenge for besøkande er eit av tiltaka vi håpar kan vere med å hjelpe oss med å få kontroll på situasjonen.

  • Pårørande til bebuarar på sjukeheimen kan ringe 90964007 viss dei har spørsmål.
  • Pårørande til brukarar av heimesjukepleie kan ringe 91566734 viss dei har spørsmål.

 

Fakta om noro-viruset

Norovirus er den vanlegaste virale årsaka til akutt mage‑tarminfeksjon, ofte kalla omgangssjuke. Viruset rammar alle aldersgrupper og fører ofte til utbrot der mange menneske er i nær kontakt, til dømes i institusjonar.

 

Smitte

  • Det skal berre 10–100 viruspartiklar til for å gi sjukdom.
  • Viruset er robust og toler både frysing, moderat oppvarming og mange alkoholbaserte desinfeksjonsmiddel.
  • Smitte skjer lett i miljø der folk er tett på kvarandre.
  • Det tek normalt 12-48 timar frå du er smitta til sjukdomen bryt ut.

 

Vanlege symptom

  • Akutt kvalme og oppkast
  • Vatntynn diaré
  • Magesmerter og krampar
  • Låg feber, hovudverk og muskelsmerter

 

Kor lenge varar sjukdommen?

  • Vanlegvis 1–3 døgn hos friske personar med normalt immunforsvar.
  • Eldre, nyfødde og personar med svekt immunforsvar kan få meir alvorleg og langvarig sjukdom, med risiko for dehydrering og elektrolyttforstyrringar.

 

Vanlege stader for utbrot

  • Helseinstitusjonar
  • Barnehagar og skular
  • Cruiseskip

 

Førebygging

  • God handhygiene med såpe og vatn (alkoholbaserte middel har avgrensa effekt)
  • Isolasjon ved mistenkt/påvist infeksjon
  • Reingjering og desinfeksjon med klorbaserte middel (minst 1000 ppm aktivt klor)
  • Stenging eller kohortisolering ved større utbrot
  • Smittesporing og rapportering etter lokale retningslinjer

 

Kjelde: Store norske leksikon