Sommarhjelparar set farge på Myrtunet

– Det er kjempekjekt. Eg likar å male, så eg storkosar meg, seier Bastian Kvalsund Thorseth frå ein av balkongane på Myrtunet.

Bilete av ein av sommarhjelparane som maler rekkverk på Myrtunet. - Klikk for stort bileteDette er den fyrste sommarjobben til Bastian Kvalsund Thorseth. Han likar arbeidet veldig godt. Erlend Friestad

I år ønskte kommunal eigedom å prøve noko nytt: å ta inn sommarhjelpar. Hovudoppgåva eigedomsavdelinga trengde hjelp til, var å male Myrtunet – asylmottaket for einslege mindreårige i Isakdalen. Ungdomane har også blitt nytta til småarbeid andre stader i kommunen.

For Bastian sin del er dette den fyrste skikkelege sommarjobben han har hatt.

– Det er veldig kjekt å få betalt for å arbeide, konkluderer han.

 

Gi ungdomane ein sjanse

Fyrst og fremst ønskte vi å gi ungdom ein sjanse til å prøve seg i arbeidslivet, og vi såg no at forholda og arbeidsoppgåvene ville passe, seier driftsleiar i kommunal eigedom, Henrik Johansen.

Dei tilsette i kommunen har brukt mykje tid på å følgje ungdomane tett.

Det har vore to svært kjekke og lærerike veker, både for ungdomane, men også for oss på kommunal eigedom. Vi er svært nøgde med arbeidet og innsatsen til ungdomane, fortel Henrik.

Jonas Bekkemellem og Christoffer Ottesen har også svinga malarkosten, men akkurat no har dei fått i ansvar for å stelle til på området.

– Det er heilt fantastisk å jobbe her. Berre godtfolk og humøret er bra, seier Jonas – medan Christoffer nikkar anerkjennande.

 

Mange søkarar

Responsen var stor då stillingane blei lyst ut på sosiale medium og på skjermar på ungdomsskulen. Heile 40 ungdomar søkte, og halvparten var jenter.

Sidan det var så mange søkarar, valde vi å tilby éi veke jobb til kvar i staden for to, fortel Henrik.

Til saman 11 ungdommar fekk derfor moglegheita til å tene pengar og få seg arbeidserfaring. Alle ungdomane får attest som dei kan nytte når dei skal søkje andre jobbar.

Kommunal eigedom tar med seg erfaringane vidare, og dersom forholda ligg til rette og arbeidsoppgåvene er høvelege,  vil dei i høgste grad vurdere å ta inn ungdomar også neste år.

 

Jente malar inngangspartiet til ein av brakkene på Myrtunet. - Klikk for stort bileteTIl saman elleve ungdomar har vore i sving på Myrtunet for å male. Erlend Friestad

Sikkerheit

I dette prosjektet er berre dei nedste etasje på bygga blitt malt. Det skuldast at ungdom under 18 år ikkje kan utføre risikofylt arbeid, til dømes i høgda, utan at dei er i eit utdanningsløp som til dømes lærlingar. Andre etasje vil bli mala av eigne tilsette på eit seinare tidspunkt.