
Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 172 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Her på Hareid har vi sett av mange barne deltek med stor entusiasme i fjor deltok 228 barn. Det svarer til 39,7 prosent. Målet for 2025 er å slå dette talet!
Sommarles.no gjer det gøy å lese! Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får poeng for kvar side dei les.
Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. I tillegg til poeng, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule (fysiske) premiar som kan hentast på biblioteket.
Vi håper at vi også i år får med mange barn som vil bruke delar av sommaren sin på å lese og/eller lytte til bøker. Velkomen til Hareid folkebibliotek!
Sommarles.no varer til 31. august.
Ta også ein titt på Hareid folkebibliotek sine nettsider.