Status fartsdemparar, vatn og avløp Røyset

Det er snart klart for tilkopling og fartsdemparar.

Røysetvegen 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Vatn og avløp

Det er klart for tilknyting til vatn og avløp langs Røysetvegen for dei som ligg slik til at dette let seg gjere. Tilknyting må meldast på til kommunen via dette skjemaet.  Dei som allereie har sendt inn søknad om tilknyting vil få svar på denne innan kort tid.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.

Sidegreiner

Her fekk vi inn fleire uttalar etter høyringa vår. Vi arbeider med å gå gjennom desse og oppdatere teikningsgrunnlaget.

Fartsdemparar

Vi vil etablere tre fartsdemparar på strekninga. Plassering vert vurdert ut frå innkomne høyringsuttalar.