Stenger Drammensvegen for gjennomkøyring

Måndag 20. juni vil Drammensvegen vere stengd mellom Nobba og innkøyrsla til Hareid skule.

Dronebilete teke innover dalen, med Hareid skule i fokus. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Elementmontering skal fuge nord/nord-aust-sida av skulebygget. For at det skal vere mogleg må vi ha kranbil i Drammensvegen. Denne må ha labbane ute for å vere stabil. Då blir det ikkje plass igjen til at bilar kan passere.

Arbeidet startar opp klokka 0830, slik at føresette kan levere på skulen som normalt.

Vegen vil vere stengd til om lag klokka 16, så ved henting på skule/SFO må de kome ovanfrå for å kome til skulen si innkøyring (frå Brekkane eller Teigevegen/Brekkane).