Stenger Kjøpmannsgata – julelysa skal opp

Måndag 27. oktober vil uteseksjonen i Hareid kommune starte med å henge opp julelysa i Kjøpmannsgata. Til det arbeidet treng dei lift, og denne liften vil stå midt i vegen. 

Bilete av julelysa i Kjøpmannsgata - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vegen vil då vere stengd for gjennomkøyring der liften er.

Det vil vere tilgang til alle eigedomar, men om du må køyre inn/ut Kjøpmannsgata via rundkøyringa ved kyrkja eller ved helsehuset, er avhengig av kor langt uteseksjonen har kome med arbeidet.

Dei vil starte ved kyrkjelydshuset og bevege seg mot helsehuset. Vi trur arbeidet vil ta eit par dagar.

Julelysa vil bli tende fredag 28. november klokka 18 i samband med julegrantenninga. Det vil kome meir informasjon om dette arrangementet snart.

29. november blir det julemarknad i Kjøpmannsgata.