Stengt apotek – dette er konsekvensane for våre brukarar

Apotek 1 på Hareid blir mellombels stengt frå og med måndag 25. september.

fasaden på Apotek1 i Hareid - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Årsaka er at apoteket ikkje har gyldig driftskonsesjon fordi dei manglar apotekar. Det er Statens legemiddelverk som har bestemt dette dette.

Apoteket arbeider med å finne ei løysing, men må i mellomtida vise alle kundane vidare til apoteka i andre kommunar.

Hareid kommune har mange brukarar som er avhengige av medisinar. Alle brukarar som er knytt til Hareid kommune gjennom institusjon eller heimeoppfølging og som får medisinane sine derfrå, vil få medisinane sine som normalt.